Nyheter

Anne Lise Ådnøy er ny biskop i Stavanger

Domprost Anne Lise Ådnøy (61) er tilsett som ny biskop i Stavanger bispedømme. Med det blir ho den første kvinnelege biskopen i bispedømmet.

Anne Lise Ådnøy fekk 8 av 14 stemmer då Kyrkjerådet skulle velje ny biskop i Stavanger torsdag kveld.

Den nye biskopen er svært fornøgd etter å ha fått jobben.

– Eg er glad for tilliten Kyrkjerådet har gitt meg ved å tilsetje meg som biskop, seier Ådnøy.

Ådnøy har tidlegare jobba ei rekkje stader i Noreg, mellom anna i ulike prosti på Nordmøre, i tillegg til å ha vore ungdomsprest i Hundvåg i Rogaland. Mellom 2003 og 2011 var Ådnøy sokneprest i St. Petri-kyrkja, før ho blei domprost i Stavanger i 2011. No blir ho den første kvinnelege biskopen i Stavanger bispedømme.

– Eg vil jobbe for ei meir open kyrkje med Jesus i sentrum, seier Ådnøy.

LES OGSÅ: Anne Lise Ådnøy møter Gud overalt

Stod mellom tre

Ådnøy tek over for Ivar Braut, som gjekk av etter helsemessige årsaker i haust. Braut hadde avskjedsgudsteneste i Stavanger domkirke søndag 3. oktober i fjor.

Til slutt stod det mellom tre forskjellige kandidatar:

  • Helge S. Gaard, prost i Karmøy, Stavanger bispedømme
  • Haakon Kessel, sokneprest i Ræge kyrkjelyd, Stavanger bispedømme
  • Anne Lise Ådnøy, domprost i Stavanger

Dette var dei tre kandidatane som hadde størst oppslutning i den rådgjevende kyrkjelege avstemminga i haust.

LES OGSÅ: Helge S. Gaard sa ja til å stille under tvil

Hårfint fleritall

Då saka blei avgjort torsdag kveld enda det med 8 mot 6 stemmer i det 14 personar store Kyrkjerådet. Det var prost i Karmøy Helge S. Gaard som fekk seks stemmer mot Ådnøys åtte stemmer.

– Vi gratulerer Anne Lise Ådnøy som ny biskop i Stavanger bispedømme, og vi gratulerer bispedømmet og Den norske kyrkja, seier leiaren i Kyrkjerådet Kristin Gunleiksrud Raaum.

Ho seier vidare at dei er godt fornøgde med valet.

– Vi har fått ein biskop med gode, brubyggjande evner og som er kjend for si gode forkynning, seier Raaum.

Færrast stemmer i Bispedømmerådet

Det var ikkje sjølvsagt at jobben skulle gå til Ådnøy. Fram mot i Kyrkjerådet torsdag kveld var det Helge S. Gaard som nok var favoritt. I den rådgjevande kyrkjelege avstemminga fekk Gaard dryge 34 prosent av stemmene. Ådnøy og Haakon Kessel fekk begge i overkant av 22 prosent av stemmene.

Blant biskopane fekk Gaard åtte av førstestemmene, medan Ådnøy og Kessel fekk høvesvis fire og ingen førstestemmer.

Då Stavanger bispedømmeråd stemte over saka tidlegare i januar kom Ådnøy dårlegast ut av dei tre kandidatane. Også der fekk Gaard flest stemmer. Det var likevel Anne Lise Ådnøy som fekk flest stemmer i Kyrkjerådet – og blir med det ny biskop i Stavanger.

Gaard og Ådnøy hadde ei rekkje ulike syn, mellom anna på homofilt ekteskap. Gaard har gjort det klart at han ikkje vier likekjønna par.

LES OGSÅ: Ivar Braut sluttar som biskop i Stavanger

Enkelte av artiklene i Vårt Land er forbeholdt abonnenter. Vi jobber hver dag for å levere dagsaktuelle nyheter og god journalistikk. Bli abonnent og få tilgang til alt innholdet vårt. Er du allerede abonnent? Takk for at du støtter oss så vi kan fortsette å levere kvalitetsjournalistikk hver dag!

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter