Nyheter

– Håper at plattformen og kvardagen kan samle oss

Erna Solbergs nye statssekretær, Hans Olav Syversen (KrF), håper KrF vil kome styrka ut av deltakinga i Solberg-regjeringa.

Syversen vil vere éin av tre statssekretærar for statsministeren. Dei andre er Espen Espeset (Frp) og Oluf Ulseth (H).

– Viktig dag

Du skal vere portvakt og passe på at plattformen blir følgt til punkt og prikke?

– Det blir jo ein del av jobben, det, seier Syversen til Vårt Land.

– Kor viktig er dette for KrF?

Det er ein viktig dag sidan det er så mange år sidan vi sist var i regjering. Og leiinga i partiet var einige om at vi hadde behov for å kome i regjering. Partiet vårt har ikkje vore heilt samla om dette, men no håper eg at plattformen og kvardagen kan samle oss.

Nesten minister

Etter forhandlingane på Granavolden, var det usikkert om Syversen eller Olaug Bollestad ville få éin av statsrådspostane til KrF. Både Syversen og Bollestad var «blå» i partiets veivalg.

Syversen mista stortingsplassen i 2017, men vart henta inn i staben då KrF skulle sondere med regjeringspartia. Trass ingen ministerpost, er Syversen for fullt tilbake i toppolitikken i den utvida Solberg-regjeringa.

LES OGSÅ: Blanda kjensler for Hareide då statsrådane vart presentert

Les mer om mer disse temaene:

Anita Grønningsæter Digernes

Anita Grønningsæter Digernes

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter