Nyheter

KrF stemte ned fattighjelp

I Stortinget kjempar KrF for auka barnetrygd for å få færre fattige barn. I Stavanger sa partiet nei til å halde barnetrygda utanfor når barnefamiliar søkjer sosialhjelp.

Bilde 1 av 2

Fattige med barn får mindre i sosialhjelp enn fattige utan barn.

For: Medan nokre kommunar held barnetrygda utanfor når dei reknar ut sosialhjelpa, innlemmar det store fleirtalet av kommunar barnetrygda i inntekstgrunnlaget.

Tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) fortel at gruppa rause kommunar berre tel 66 stykker. Konkret betyr dette at desse kommunane held den årlege barnetrygda på 11.640 kroner unna sosialhjelpsutbetalingane av omsyn til barna som veks opp i fattige familiar.

LES MEIR: Barnetrygdjubel i KrF

Tusenlapp

I haust har KrF kjempa ein kamp i Stortinget for å auke barnetrygda som har stått stille sidan 1996. Ut av budsjettforhandlingane med Høgre, Frp og Venstre fekk partiet ein tusenlapp ekstra i året frå og med neste år. Den nye satsen for barnetrygd blir dermed 1.054 kroner månaden, og vil gjelde frå 1. mars.

– Eg er spesielt glad i dag på vegne av barnefamiliane. Det er ei historisk auke i barnetrygda, sa KrFs nestleiar Kjell Ingolf Ropstad då han tysdag sist veke kom ut frå møterommet med ein budsjettavtale i hendene.

2.000 ekstra

Men i Stavanger hjelper den ekstra tusenlappen i året lite om ein er mellom kommunens fattige, og må leve på sosialhjelp. På førre bystyremøte fremja SV ein interpellasjon: «I Stavanger kommune skal barnetrygden holdes utenfor ved beregning av økonomisk sosialhjelp til barn og barnefamilier.»

SV peikar på at 2.968 ungar veks opp i fattige familiar i Stavanger - og at «390 innbyggere i vår by får kuttet i sine utbetalinger av sosialhjelp». Utrekna betyr dette at ein forelder med mindreårige barn, som lever på sosialhjelp, får i snitt 2.231 kroner mindre kvar månad.

Oppsummert sparar Stavanger kommune vel ti millionar kroner årleg på å ta barnetrygda med i sosialhjelpsutrekningane. Det meiner SV er ille: «For en familie med dårlig råd vil over 2.000 kroner hver måned være av stor betydning», skriv partiet i interpellasjonen.

Gjennomslag

Før votering i bystyret la ordførar Christine Sagen Helgø (H) fram eit motforslag: «Stavanger kommune beholder barnetrygden som en del av beregning av økonomisk sosialhjelp inntil videre og saken er ferdig behandlet i Stortinget.»

Helgø vann fram med 36 stemmer, for Høgre, Venstre, Frp, KrF, Senterpartiet og Pensjonistpartiet står saman i bystyre. SVs forslag fekk 30 stemmer: SV, Arbeidarpartiet, Raudt, MDG og Folkeaksjonen Nei til mer Bompenger.

– KrFs snakkar mykje om kampen mot fattigdom, så hadde partiets fire representantar stemt for SVs forslag, ville foreldre med barn, og som lever på sosialhjelp, fått monaleg meir kvar månad, seier SVs gruppeleiar Eirik Faret Sakariassen.

– Kva meiner du om KrFs avgjerd?

– Trist. Partiets kamp mot fattigdom på nasjonalt plan burde slege langt betre gjennom her i Stavanger, seier Sakariassen.

LES MEIR: Barnetrygd og fattigdom

Tiltak

KrFs Bjørg Tysdal Moe, som er varaordførar i Stavanger, seier partiet er oppteke av å kjempe mot fattigdom.

– Men framfor å satse på eitt einskild tiltak, ta vekke barnetrygda frå inntekstgrunnlaget ved utrekning av sosialhjelp, ønskjer me å sjå på fleire målretta tiltak, seier ho som også har vore nestleiar i KrF i åra 2011-2015.

Moe minnar om at kommunen allereie har fleire tiltak som hjelper barn i familiar med svak økonomi.

Avvist

Det faktum at berre 66 kommunar held barnetrygda unna inntekstgrunnlaget til foreldre som søkjer sosialhjelp ønskjer SV å få endra. Difor leverte partiet inn eit representantforslag på Stortinget i fjor haust der dei «ber regjeringen fremme forslag til lovendringer for Stortinget som sørger for at barnetrygden holdes utenfor ved beregning av sosialhjelp.»

SV vann ikkje fram, men eit samla Storting ba i mars «regjeringen utrede hvorvidt barnetrygden bør holdes utenfor ved beregning av sosialhjelp, og fremme sak for Stortinget på egnet måte.»

I oktober svarte arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H), i statsbudsjettet for 2019, at ei lovendring ikkje er aktuelt: «Departementet har vurdert saken og kommet fram til at en lovendring som innebærer at barnetrygden holdes utenfor ved beregning av økonomisk sosialhjelp ikke er et treffsikkert eller godt tiltak for å bedre barnefamilienes levekår.»

Sparar

SV i Stavanger har rekna ut at på landsbasis sparar kommunane rundt 360 millionar kroner på kutt-i-sosialhjelp-grunna-barnetrygd-politikken.

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Mer fra: Nyheter