Ho er sjukepleiaren og helsepolitikaren som blei stortingspresident. Frå Stortingets mest staselege kontor har Tone Wilhelmsen Trøen (H) overoppsynet med dei 168 andre folkevalde lovgjevarane. Vanlegvis pleier ikkje presidenten å gå ut med oppmodingar i einskilde politiske saker.
Men no klarar ikkje Trøen å teie:
– Ikkje rør abortloven.
Førre månad gjekk leiarane i tre ungdomsparti ut og kravde ein meir liberal abortlov. Abortgrense ved veke 18 sa AUF og FpU. Veke 24, kravde Unge Venstre.
LES MEIR: AUF: Bort med abortnemndene
Presis
Loven blei vedteken av Stortinget 30. mai 1978. 40 år seinare er Tone Wilhelmsen Trøen sikker i sak:
– Abortloven har funne sin form. Han er ein lov som framleis etter så mange år treff heilt rett. For han balanserer tre rettar heilt presist, seier ho som også sit i komiteen som skal leggje fram eit nytt prinsipprogram på Høgres landsmøte til våren.
– Kva rettar?
– Kvinnas rett til sjølvbestemt abort, fosterets rettar og korleis samfunnet vårt skal handtere retten til abort.
– Difor seier du nei til å utvide grensa for sjølvbestemt abort, og nei til å skrote abortnemndene?
– Eg seier nei, Høgre seier nei.
Sortering
– Kvifor er veke 12 den mest presise grensa for sjølvbestemt abort?
– Grensa er veldig nært knytt til fosterets utvikling, første trimester sluttar jo i 12. veke. Vidare handlar det om at frå 12. veke og utover i svangerskapet utviklar fosteret seg massivt, frå 12. til 18. veke er det meste av organ på plass. På ultralyd i veke 18 kan ein ofte sjå om det er gut eller jente.
– Grensa på 12. veke er der fordi det handlar om fosterets utvikling. Flyttar vi dagens abortgrense, endrar vi samfunnet vårt.
– Betyr det du seier at vi då vil gå mot eit sorteringssamfunn?
– Det er klart at når ein kan få vite kjønnet – og har ei abortgrense på 18 veker, ja, så må vi våge å kalle det eit sorteringssamfunn.
LES MEIR: Unge Venstre vil ha fri abort til uke 24
Rammer
– Men fleire land har både 18 og 24 veker som abortgrense?
– I dette spørsmålet er det viktig at vi set våre rammer. Vi må seie at slik vil vi ha det i vårt land.
– Motstandarane av dagens abortlov seier at abort er å «ta liv», kva seier du?
– Eg finn det vanskeleg å bruke slike ord. Abort er eit veldig vanskeleg spørsmål for dei kvinnene som bestemmer seg for å avbryte svangerskapet. Det er vanskeleg å ta valet før 12. veke, og eg kan tenkje meg at det er uhyre vanskeleg å ta valet mellom 12. og 18. veke. Difor vil eg ikkje bruke slike ord i respekt for dei kvinnene som vel å ta abort.
Utvide
Førstemann ut med lovliberalisering var Mani Husseini, leiar i AUF:
«I dag har vi abortnemnder som fungerer som en slags domstol», sa leiaren i Arbeidarpartiets ungdomsparti til Vårt Land og varsla at AUF truleg vedtek utvida grensa for sjølvbestemt abort frå 12 til 18 veker.
Ikkje før ordskiftet om AUF-liberaliseringa hadde starta, dobla leiaren i Unge Venstre:
«Vi vil utvide grensen for selvbestemt abort til uke 24», sa Sondre Hansmark til Vårt Land.
Tredjemann ut var leiaren i Framstegspartiets ungdom:
«Flere land har allerede en abortgrense på 18 uker, og med tidenes mest liberale regjering bør det være oppnåelig også for Norge», sa FpU-leiar Bjørn-Kristian Svendsrud til Vårt Land.
Landsmøtet til FpU i april vedtok å utvida abortgrense til veke 18, men vedtaket kom først fram i lyset sist veke.
Fødsel
Tone Wilhelmsen Trøen tykkjer forslaget frå Unge Venstre-leiaren om å doble abortgrensa til 24 veker er uhøyrt. Ho minnar om at nyføddmedisinen klarar å redde stadig yngre fortidlegfødde.
– No overlever dei som blir fødde heilt ned i veke 21-22, og legevitskapen kan redde liv i mors mage endå tidlegare, seie stortingspresidenten, og legg til:
– Ein abort i veke 24 er ein fødsel.
LES MEIR: FpU utvidar abortgrensa med seks veker
Vegleiing
– Alle dei tre ungdomspartia vil ha vekk abortnemndene, kvifor må vi ha dei?
– Vi har abortnemnd for abortar frå 12. til 18. veke, og det er gode grunnar til. Kvinner som er i ein vanskeleg situasjon får rådgjeving og vegleiing slik at dei ikkje står åleine med det vanskelege valet.
Trøen peikar på at i nemndene møter kvinnene helsepersonell som kan hjelpe. Fjernar ein nemndene blir heile ansvaret lagt på kvinnene åleine, meiner ho.
– Og det vil vere sterkt problematisk.
– Men nemndene er som ein domstol å rekne, seier kritikarane?
– Eg er usamd. Det handlar om å vege omsyna; omsynet til fosteret og omsynet til totalsituasjonen til kvinna. Målet er at nemndene skal vere der for kvinnene.
Få saker blir avvist i nemndene, for nemndene lyttar til totalsituasjonen til kvinnene som søkjer abort, seier Trøen.
LES MIN TRO MED TRØEN: Med hjarte for laget
Uro
I moderpartia har leiarane i ungdomspartia fått lite gehør for å endre dagens abortgrense på 12 veker. Helsepolitisk talskvinne i Arbeidarpartiet, Ingvild Kjerkhol, seier til Vårt Land at «det er viktig at vi ikke rokker ved en lov som har fungert godt i 40 år. Jeg mener vi ikke bør heve grensen for selvbestemt abort til 18 uker i Norge».
Tone Wilhelmsen Trøen opplever heller ikkje at det er eit press i opinionen for å utvide abortgrensa:
– Men det er klart at denne typen forslag som ungdomspartia har sett fram skaper uro blant folk. Difor er det viktig å slå fast at vi er heilt krystallklare på at dagens abortlov skal stå fast.