– Mange etiopiarar i Norge kan miste opphaldsløyvet og bli sendt heim, noko som vil vere fullstendig forståeleg, seier Kjetil Tronvoll, professor ved Bjørknes Høyskole.
Tronvoll er mellom Norges fremste kjennarar av Afrikas horn. Han har følgt landa Etiopia og Eritrea og 30 år.
LES OGSÅ: Wara følgjer utviklinga i Etiopia
Sidan 2016 har 324 etiopiske asylsøkjarar fått opphald i Norge, viser tal frå Utlendingsdirektoratet (UDI). Men fordi den politiske utviklinga i Etiopia er i sterk betring, må etiopiarar bu seg på å vende heim.
For: Seinhausten 2015, då store grupper asylsøkjarar kom til Norge, signerte Solberg-regjeringa ein avtale med Arbeidarpartiet, KrF, Senterpartiet og Venstre. Ei lang rekkje tiltak skulle regulere tilstrøyminga. Eitt tiltaka var heimsending:
«Dersom grunnlaget for midlertidig beskyttelse kan ha falt bort som følge av politiske, sosiale eller humanitære forbedringer i hjemlandet, kan utlendingsmyndighetene uten ugrunnet opphold starte med tilbakekalling av oppholdstillatelsen til de som fikk opphold på slikt grunnlag.»
Denne ordninga har vore regjeringas politikk sidan 2016.
LES MEIR: Store forhåpninger til Etiopias nye leder
Endringar
Etiopias nye sterke mann, statsminister Abiy Ahmed, har gjennomført fleire store endringar sidan han overraskande blei valt til ny regjeringssjef i april:
• 5. juni: Oppheva unntakstilstanden i Etiopia.
• 20. juni: Etiopia tok i mot ein fredsdelegasjon frå erkefienden Eritrea.
• 5. juli: Stempelet «terrororganisasjon» blei fjerna frå tre væpna frigjeringsorganisasjonar, Oromo Liberation Front (OLF), Ogaden National Liberation Front (ONLF) og Ginbot 7.
• 9. juli: Etiopia og nabolandet Eritrea signerte fredsavtale som skal gjere slutt på tiår med krig og fiendskap.
• 13. juli: OLF, som har leiinga i eksil i Eritrea, varsla våpenkvile.
• 13. juli: Tusental personar blei sette fri frå fengsel Somali-regionen, dei var fengsla grunna band til organisasjonen ONLF, men blei sette fri etter at terroriststempelet blei fjerna.
• 7. august: Etiopias regjering signerte avtale med OLF om å avslutte «fiendskapen». Sidan 1970-talet har OLF kjempa for auka sjølvstende i regionen Oromia - oromoane er landets største folkegruppe. No skal OLF få drive politisk arbeid i Etiopia, lovar avtalen som blei signert i Eritreas hovudstad Asmara.
Opposisjon
Om dei som fram til no har søkt vern frå Etiopia i Norge, skriv Utlendingsnemnda (UNE) følgjande på eiga heimeside:
«De fleste som søker om beskyttelse fra Etiopia, sier at de er redd for myndighetene i landet. Mange forteller at de har deltatt i opposisjonell aktivitet mot myndighetene, eller at de har nære slektninger som har vært eller er aktive i opposisjonsgrupper.
UNE skriv at mellom dei som søkjer asyl i Norge er det særleg mange etniske oromoar og etniske somaliarar. «De forteller ofte at de har deltatt i demonstrasjoner i Etiopia og at de har blitt fengslet på grunn av dette.»
Forsoning
– Abiy Ahmeds bodskap er forsoning, han er på mange måtar meir pastor enn politikar, seier professor Kjetil Tronvoll, som har tru på at Ahmed blir ein statsminister som kan gjennomføre store politiske, sosiale og humanitære forbetringar i Etiopia.
Då Ahmed i fjor tok sin doktorgrad, handla denne om religiøse konfliktar i Etiopia og forsoningsprosessar som inkluderer religiøse leiarar – og den første reisa han gjorde som statsminister, gjekk til den etnisk betente somaliregionen mot grensa til Somalia. Det er her ONLF er aktive. Her samla Ahmed religiøse leiarar til samtalar om forsoning.
Praksis
I UDI fortel avdelingsdirektør Hanne Jendal at dei følgjer situasjonen i Etiopia – og vurderer om dei skal endre praksis. Ho skriv i en epost til Vårt Land at UDI «justerer praksis der det er forhold som tilsier at det er grunnlag for å endre praksis»:
«Vi vurderer for tiden hvilke konsekvenser endringene som nå skjer i Etiopia skal få for praksis.»
Instruks
UDI-direktøren minner om instruksen Justisdepartementet og dåverande innvandringsminister, Sylvi Listhaug (Frp), sendte ut i 2016.
Instruksen seier, skriv Jøndal «at UDI skal vurdere tilbakekall av tillatelser der forholdene er slik at de som tidligere er gitt beskyttelse trygt, og ennå ikke har fått permanent oppholdstillatelse kan vende trygt tilbake. Det vil være en forutsetning at endringene er vesentlige og varige».
UDI melder at dei enno ikkje har vurdert om endringane for dei aktuelle gruppene i Etiopia «er av en slik karakter at det kan gi grunnlag for tilbakekall etter instruksen».