I Trøndelags-kommunen Levanger har ein lukkast med ein modell som vekkjer interesse i Kommune-Norge. Med hjelp frå forskingsstiftinga SINTEF har ein utvikla ein pedagogikk som kombinerer læring og praksis. Pedagogikken er tilpassa metoden for yrkesopplæring for personar som er analfabetar eller har svært lite skulegang, og er så kopla med fagopplæring.
LES OGSÅ: Ein av to på sosialhjelp
Stolte
Prosjektleiar Tove Håpnes i SINTEF seier Levangermodellen gjer kvinner stolte fordi dei opplever meistring.
– Og ikkje minst sparer denne måten å jobbe på samfunnet for millionar av trygdekroner. I tillegg er det med på å løfte innvandrarfamiliar opp på eit økonomisk nivå som gjør at dei får ressursar på line med andre, seier Håpnes til Gemini.no, og legg til:
– Alternativet ville for mange vore å gå ledige livet ut.
Verdiar
I Levanger får dei folk over i ordinært arbeid, og Håpnes seier prosjektet skaper store verdiar for både kvinnene som får opplæringa, og for familiane deira og samfunnet rundt.
Rune Leirset, prosjektleiar i Levanger kommune, fortel at kvinnene som deltek i prosjektet og skaffar seg fagutdanning får ein heilt annan status i familien når dei går ut i løna arbeid. I neste omgong styrkjer dette barnas kvardag.
Kombinasjon
Dette er grunnelementa i Levangermodellen: Tilrettelagt språkundervisning for vaksne utan lese- og skrivedugleikar, og der undervisninga er morsmålsstøtta.
Når dei grunnleggjande språkdugleikane er på plass, lærer dei faguttrykk og munnlege fraser frå faget dei skal lære. Så blir modulen bygd ut med parallell fagopplæring – anten innafor helse eller reinhald. Her blir kvinnene følgt av ein fagperson som blir deira personlege vegleiar.