Nyheter

Ein av to på sosialhjelp

For mange flyktningar lever på sosialhjelp. Regjeringa varslar strengare krav til norskopplæring i kommunane.

Ingen jobb, ingen inntekt. Løysinga for mange med innvandrarbakgrunn blir å søkje bustadkommunen om sosialhjelp.

Sidan januar har Jan Tore Sanner (H) hatt ansvaret for to prioriterte oppgåver i Solberg-regjeringa. Vegen til betre integrering av særleg flyktningar skal gå langs kvalifiseringssporet.

Til Vårt Land seier kunnskaps- og integreringsministeren at skal Norge «ha ein berekraftig innvandrings- og integreringspolitikk må vi lukkast betre enn det vi har gjort så langt».

– Vi har nokre utfordringar.

LES MEIR: Boligmarked hindrer integrering

Utan arbeid

To kartleggingar viser kva det handlar om:

Statistisk sentralbyrå fortel at arbeidsinnvandrar langt på veg utkonkurrerer flyktningar på arbeidsmarknaden.
«Det kan være nærliggende å tro at norske arbeidsgivere foretrekker arbeidsinnvandrere med yrkeskompetanse fra europeiske land framfor flyktninger fra fjerntliggende land, som ofte har ukjent eller mangelfull utdanning», skriv SSB-forskar Bjørn Olsen i rapporten som er tinga av Kunnskapsdepartementet.
NAV fortel i rapporten Fattigdom og levekår i Norge at halvparten av dei som i dag lever på sosialhjelp, er innvandrarar og flyktningar – ved utgongen av 2016 nesten 70.000 personar. I fjor blei det utbetalt 6,9 milliardar kroner i sosialhjelp.

LES OGSÅ: Lærer både språk og fag

Dom

Integreringsbarometeret feller ein hard dom over politikken som blir ført på området: Berre to av ti meiner integreringa går bra og heile 50 prosent seier det går dårleg. Aldri tidlegare har tala vore så negative.

Barometeret, som er Integrerings- og mangfaldsdirektoratets årlege måling av nordmenns haldningar til innvandrarar, fortel fagstatsråden at han og regjeringa har ein jobb å gjere.

Turné

Difor har Sanner reist landet rundt sidan han fekk ny statsrådspost i Solberg-regjeringa. Han sjekkar ut kva som fungerer og kva som må takast tak i. For innan julefreden senkar seg i år skal Høgre-ministeren leggje fram regjeringas nye integreringsstrategi.

Han ser store skilnadar i Kommune-Norge i korleis flyktningar blir integrerte:

– I nokre kommunar kjem åtte av ti vidare til utdanning og arbeid, medan det i andre kommunar er berre tre av ti.

Analyse

I 2015 bestilte Kristiansand bystyre ein «grundig gjennomgang av status på sosialhjelpsområdet som følge av den sterke veksten i mottakere og utbetalinger fra 2012 til 2014».

Kartlegginga viste at «Kristiansand kommune har ikke en spesielt høy innvandrerandel, men er en «bosettings-kommune», hvor det er en relativt høy andel av innvandrerne som kommer fra ikke-vestlige land».

I fjor passerte utbetalingane til sosialhjelp 100 millionar kroner i sørlandskommunen, og veksten held fram i år, viser den siste Sosialhjelpsanalysen. Og, fortel Fædrelandsvennen, innvandrarar og flyktningar utgjorde nesten 60 prosent av mottakarane i fjor; 57 prosent mot 45 prosent i 2014.

Men kommunen vil ikkje busetje færre flyktningar.

– Vi må ta i mot dei som kjem, og så må vi heller bli flinkare til å integrere dei, seier Høgres gruppeleiar i Kristiansand bystyre, Renate Hægeland, til Fædrelandsvennen.

LES MEIR: Kvotert til Norge - lever på sosialhjelp

Krav

Kunnskaps- og integreringsminister Sanner held fram tre integreringstiltak som han meiner er særs viktige:

– Fleire må få formell kvalifisering, fleire må lære seg godt norsk og kome seg i arbeid og vi må lukkast med kvardagsintegreringa gjennom særlege frivillige organisasjonar.

Sanner har følgjande helsing til ordførarar og lokale folkevalde:

– Vi kjem til å stille mykje tøffare krav til dei resultata som kommunane oppnår. I dag har ein rett til x tal timar norskundervisning, men det er ikkje noko krav til at ein faktisk må lære seg norsk. Dette skal vi endre. Vi skal gå frå å måle tal timar til faktisk å stille krav om resultat.

– Så dette blir kopla til støtte; kommunar får mindre støtte om ein ikkje leverer?

– Vi jobbar med incentiva, seier Sanner.

Forventingar

Sanner vedgår at alt for mange flyktningar lever på sosialhjelp. Han forklarar mykje med den sterke tilstrøyminga av asylsøkjarar i 2015 som har fått opphald. Han varslar tøffare tak:

– Vi kjem til å stille krav til innvandrarar. Er det manglande norskkunnskapar som gjer at ein ikkje får jobb, så må ein anten gå tilbake til norskopplæring, elles blir støtta trappa ned.

Kunnskaps- og integreringsministeren seier «vi skal ha tydelege forventingar til dei som kjem til Norge om at dei sjølve skal delta og bidra».

Fagkunnskap

I arbeidet med den nye strategien varslar Sanner at satsinga på kvalifisering inneber ei viktig endring:

– Vi skal vekk frå kursbonansaen, vi skal over til formell kvalifisering. Fleire skal få høve til å ta fagbrev, for dette er eit verdipapir som gjev jobb.

Sanner vil også gjere betre bruk av kompetansen flyktningar har med seg. Konkret vil statsråden gjere utdanningssystemet i Norge meir modulbasert, slik at folk ikkje treng å starte på nytt på til dømes ei ingeniørutdanning.

– Dei skal berre ta nokre ekstra modular slik at utdanninga dei kjem med blir godkjent her i landet.

Jobben med å få universitet og høgskular til å utvikle slike modulløp er lagt i hendene på Venstres Iselin Nybø, forskings- og høgare utdanningsminister.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter