Nyheter

52 kommuner får pengar til å førebygge heimevald

Barneminister Linda Hofstad Helleland (H) gir meir pengar for at kommunar kan hindre familievald. Ho vil ikkje gi pengar til obligatoriske foreldrekurs.

– Foreldre er dei viktigaste omsorgspersonane i barn sine liv. For at barna skal få ein trygg barndom må vi styrke foreldreskapet i familiar som har utfordringar, seier Barne- og likestillingsminister Linda Hofstad Helleland (H).

Departementet hennar gir no pengar til 55 prosjekt i 52 kommunar, som over fire år skal støtte foreldre til å unngå omsorgssvikt. Dei 55 prosjekta skal dele på 31,3 millionar det første året, medan dei neste tre åra er opp til budsjettforhandlingane.

LES MEIR: Barneminister: Bry deg om naboens barn

Kommunane veit

Helleland meiner det er kommunane som er nøkkelen til å unngå omsorgssvikt og vald i familiar.

– Dei kan sjå det på kontrollen på helsestasjonane før barnet er fødd, det kan vere at barnehagane oppdagar det, og ser at foreldra treng støtte. Då treng ein ikkje vente på at barnevernet kjem inn, seier ho.

– Det finst barnevernteneste og kommunehelseteneste som gjer denne jobben i dag, kva nytt kjem med desse pengane?

– Familiane må få hjelp før det går så langt at ein må ha omsorgsovertaking av barnevernet. Vi må inn på eit tidleg tidspunkt for å gi barna ein trygg barndom, seier ministeren.

Departementet opplyser om at pengane er til ekstratiltak i barnevern, helsestasjonar, skulehelse, og introduksjonsprogram for flyktningar, i tillegg til det tenestene vanlegvis gjer.

LES MEIR: Terapien braut sinnespiralen

Budsjettsamarbeid

Denne tilskotsordninga byrja i 2014, og er oppfølging av endringane i barnevernlova, som Stortinget vedtok i april 2013. Sidan har ordninga vakse til dei 31,3 millionane, som er omfanget i dag.

Helleland seier at gjennom budsjettforhandlingane i Stortinget har KrF bidrege til at tilskotsordninga har lagt på seg fleire millionar dei siste åra.

LES MEIR: Leiter etter vald i heimen

Betaler seg

Sjølv om det i første omgang er barna sin tryggleik som er målet med slike tiltak, meiner ministeren at heile samfunnet er tent med at færre barn opplever omsorgssvikt. Helleland trekkjer fram politiet på Stovner i Oslo, som jobbar tett på ungdommar som har hamna i vanskelege situasjonar, og blir involvert i kriminelle gjengar.

– Dei seier at det viktigaste er å styrke foreldreskapet rundt barna. Det må foreldra få hjelp til, seier Helleland.

Nav-statistikkar og i kriminalstatistikk viser at barn som blir offer for alvorleg omsorgssvikt eller mishandling, truleg kan koste samfunnet om lag 75 milliardar kroner gjennom livsløpet. Desse tala inkluderer tap av arbeidsinntekt og ekstrakostnadar over offentlege budsjett.

Avviser foreldrekurs

I juni føreslo avtroppande barneombod Anne Lindboe at nye foreldre bør få obligatoriske foreldrekurs før dei blir foreldre, for å hindre at barna blir utsett for omsorgssvikt. Dette er ikkje noko barneministeren vil gi pengar til.

– Eg forstår intensjonen, men trur det er lite treffsikkert. Ressursane må brukast på dei som verkeleg treng hjelp, og det er barn i risikofamiliar. Dei må få konkrete tiltak, for altfor mange barn lever under sviktande omsorg, seier ho.

Tiltak framfor plan

Tidlegare har regjeringa sine tiltak mot heimevald, vore lista opp i ein eigen handlingsplan mot vald i nære relasjonar, men denne planen gjekk ut i 2017. Likestillingsombod Hanne Bjurstøm har tidlegare etterlyst ein ny handlingsplan til å erstatte den gamle.

– Vi er mest opptatt av tiltak som verkar, og så må vi sjå kor effektfull handlingsplanen har vore. Det viktigaste er ikkje å ha så mange handlingsplanar som mogleg, vi må heller klare å sette ut gode tiltak som verkar, seier Helleland.

Vårt Land anbefaler

1

1

Mer fra: Nyheter