Nyheter

Barnas minister: Bry deg om naboens barn

Foreldre som strevar med å strekkje til skal få meir hjelp, lovar barneministeren. Foreldrestøtte er økonomisk lønnsamt.

– Familien, seier Linda Hofstad Helleland (H), er den viktigaste ramma rundt barns liv og utvikling.

I dag slepper ho Trygge foreldre - trygge barn, Regjeringas strategi for foreldrestøtte, som er den første i sitt slag.

Barneministeren har ei bøn:

– Terskelen for å seie i frå må senkast, fordi det handlar i verste fall om å redde livet til eit barn.

– Barn lever barndommen berre ein gong, så kan vi vere med å bidra til at barn slepp å leve med vald og overgrep, er det verdt å seie i frå.

Helleland minnar om at få barn melder frå sjølve, «så det er vi vaksne som har ansvaret». Ho seier strategien blir eit viktig verktøy for det offentlege hjelpeapparatet. Men ho vil også ha ei anna viktig gruppe med på laget.

– Det er er viktig å ha med dei frivillige, det kan vere leiarar i idrettslag eller musikkorps, for det er slik at alle som har kontakt med barn har eit ansvar for å sjå til at dei har det bra.

LES MEIR: Avdekkjer farlege foreldre

Oppdrag

Stortinget gav Solberg-regjeringa oppdraget i fjor vår: «(...) legge til rette for at foreldre får tilbud om foreldreveiledning gjennom helsestasjon, barnevern, familievern eller andre ideelle aktører.»

Vidare ba dei folkevalde regjeringa om å styrkje familievernkontoras arbeid med å førebyggje vald og avdekkje risikofamiliar, og styrkje kunnskap om foreldrerolla i introduksjonskurset som blir gjeve flyktningar som får opphald i Norge.

Samarbeid

Foreldrestøtte-strategien har barneminister Helleland hovudansvaret for, men han er laga i samarbeid med fire andre statsrådar, kunnskaps-, helse-, justis- og folkehelseministrane.

Strategien er tufta på to søyler:

• Hjelp til alle foreldre.

• Hjelp til dei som verkeleg slit.

– Dei aller fleste foreldra er gode omsorgspersonar som gjev barna ein trygg og lukkeleg oppvekst. Desse familiane skal få leve sine liv, men også dei skal få hjelp i vanskelege fasar i livet, lovar Helleland, og held fram:

– Det kan vere at vi alle treng hjelp, det kan vere sjukdom, skilsmisse.

Skam

Her meiner Helleland at ei sak framleis står i vegen for å be om hjelp:

– Det er framleis tabu for foreldre å be om hjelp, for det er skammeleg.

– Kvifor det?

– Det er vanskeleg å snakke om, det blir opplevd som eit nederlag å søkje hjelp. Men mi klare melding til alle foreldre er at det er inga skam å søkje hjelp. Nokre gonger er det godt å få nokon utanfrå som ser behova til barna og dei vaksne. Det kan berge barna, det kan berge deg som vaksen.

LES MEIR: Barneombodet vil ha obligatorisk foreldrekurs

Hjelp

Den andre hovudmålgruppe for innsatsen til regjeringa, er familiar som slit.

– Vi snakkar til dømes om minoritetsfamiliar, familiar med låginntekt over tid, foreldre med problem knytt til psykiatri og til alkohol.

Helleland meiner at det å gje barn ein trygg oppvekst, «er den beste investeringa kan vi kan gjere».

– Men det uroar meg at mange av familiane vi snakkar om ikkje ønskjer å få hjelp. Dei ønskjer at det offentlege skal halde seg unna, for familielivet høyrer privatlivet til.

– Korleis vil du endre dette?

– Vi må jobbe gjennom dei som jobbar ute i kommunane, ute i bydelane. Det er på helsestasjonane dei ser at her har ikkje den familien det bra, det er barnehagen som må varsle om at foreldre ikkje klarar å ta vare på barna sine.

Oppdragarhjelp

Nyleg møtte barneministeren Oslo-politiet for å snakke om ungdomskriminalitet:

– Politiet seier til meg at det viktigaste eg kan gjere, er å styrke foreldreskapet. Då må vi gå inn i dei familiane som er i risikosona og hjelpe dei heilt konkret, og då handlar det om hjelpetiltak, alt i frå oppdragarhjelp og grensesetjing til leksehjelp og meir norskopplæring i heimen.

I møte med dei som arbeider med ungdomskriminelle, har Helleland fått ein viktig påminnar:

– Mange av dei unge lever med vald i heimen. Her må vi hjelpe til med grensesetjing, vi må hjelpe dei til å vere gode foreldre.

– Kven er desse hjelparane?

– Det er helsestasjonen, det er helsesøstrer på heimebesøk, det er barnehagen, det er barnevernet, det er familievernet.

LES MEIR: Mor slo barn - fekk ikkje kulturrabatt

Dyrt

Når Helleland seier at «dei aller fleste foreldra er gode omsorgspersonar som gjev barna ein trygg og lukkeleg oppvekst», kan ho lene seg på to kartleggingar:

Å fullføre utdanning er ein av dei viktigaste faktorane bak realisering av samfunnsøkonomiske gevinstar, fortel ein dansk analyse frå konsulentselskapet Rambøll: Gevinstpotensialet ligg på 29,5 milliardar danske kroner dersom alle utsette barn og unge får eit normalt livsløp.

Omsorgssvikt kostar, viser utrekningar frå Vista Analyse: Barn som blir offer for alvorleg omsorgssvikt eller mishandling kan truleg koste samfunnet om lag 75 milliardar kroner gjennom livsløpet. 35 milliardar er produksjonstap, resten er forventa kostnadar over offentlege budsjett.

– Forsterka foreldrestøtte kan spare store summar. Elles vil vi sjå kostnadane i Nav-statistikken, i arbeidsløysetala, i kriminalomsorga.

Samanheng

Barneministeren meiner det er ein tydeleg samanheng her:

– Styrkjer vi foreldreskapet, unngår vi vald og overgrep i heimen og i neste omgang unngår vi ungdomskriminalitet.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter