Nyheter

Rømde frå Hitler-Tyskland - returnerte til Holocaust

Skipet skulle frakte jødar frå Europa til trygge hamner på andre sida av Atlanterhavet. Men Cuba, USA og Canada nekta jødane å gå i land. Statsminister ber om orsaking.

Bilde 1 av 5

27. mai 1939 ankra eit skip frå Hamburg-Amerika Line opp på hamna i Cubas hovudstad Havanna. 14 dagar tidlegare hadde passasjerskipet St. Louis gått frå kai i Hamburg. Ombord var 937 jødar, hovudsakleg frå Tyskland, men det var også nokre frå land i Aust-Europa.

Alle som ein såg på båtreisa over Atlanterhavet som ei ferd til fridom og tryggleik. Seks månader etter Krystallnatta søkte dei 937 jødiske passasjerane trygge hamner langt unna Adolf Hitler og eit hardhendt jødehat i Europa.

Dei reisande hadde skaffa seg visum til Cuba, for planen var å gå i land på den karibiske øya for å områ seg før ferda vidare skulle gå til USA. På Cuba skulle dei skaffe seg visum til det lova amerikanske landet.

Fascistvenlege

Vel framme i Havanna blei passasjerane møtt av eit regime som ville dei alt anna en vel. President Federico Laredo Bru hadde nemleg kansellert immigrasjonspapira til alle jødane om bord på St. Louis. Federico Laredo Bru hadde nemleg sterke fascistsympatiar, og ønskte ikkje ei båtlast jødar velkomen til Cuba.

Jødar som var busette i Cuba kom til hovudstaden for å møte slektningar som var ombord, men dei kom ikkje nærare enn skutesida på St. Louis, som blei liggjande ute på reden. Frå før hadde Cuba teke i mot drygt 2.500 jødiske immigrantar frå Europa.

Berre ei mindre gruppe, 29 personar, fekk forhandla seg i land. 28 hadde papir som likevel sikra opphald, og ein måtte på sjukehus i Havanna.

I Havanna herska det ei anti-semittisk stemning, piska opp av to fascistvenlege aviser. Få dagar før St. Louis ankra opp på hamna, fylte tital tusen menneske gatene. Dei protesterte mot at jødane på skipet skulle få kome i land.

LES OGSÅ: Intens polsk-israelsk holocaust-krangel

På venteliste

Etter seks dagar i Havanna gav den tyske kapteinen opp og letta anker. Gustav Schröder styrte St. Louis ut i internasjonalt farvatn 2. juni 1939. Han hadde to val, gjere vendereis til Europa eller prøve å få lagt til kai i USA.

Schröder valde det siste.

Han segla inn til kysten av Florida og ankra opp utanfor storbyen Miami. Herfrå kontakta jødane ombord på St. Louis USAs president og ba om asyl. Men Franklin D. Roosevelt gav aldri lyd frå seg.

Roosevelt-adminstrasjonen i Det kvite hus og det amerikanske utanriksdepartementet blei samde om å stengje jødane ute frå landet. Eit telegram frå departementet, sendt til ein av passasjerande opplyste at dei måtte vente til det blei deira tur til å kome inn i landet, og «dei måtte kvalifisere seg til og motta visum før dei kunne sleppe inn i USA».

Full kvote

Roosevelt-adminstrasjonen og utanriksdepartementet viste til ein immigrasjonslov frå 1924 som sa at USA har berre ein viss kvote for kvar nasjonalitet kvart år. I 1939 var kvoten på tyske og austerriske immigrantar på 27.370.

Men då passasjerande på St. Louis fekk landkjenning utanfor Miami, var kvota full. Difor blei dei sette på venteliste.

Sommaren 1939 var USA framleis herja av skadeverkingane av depresjonen. Store skarar amerikanarar var arbeidsledige, og såg med ublide augo på immigrantane som kom ovr havet.

Ei meiningsmåling i Fortune Magazine viste at heile 83 prosent sa nei til å mjuke opp innvandringsrestriksjonane. President Roosevelt kunne ha utsteda ein såkalla presidentordre som sa at passasjerane om bord på St. Louis skulle få kome i land. Men han gjorde det ikkje.

Franklin D. Roosevelt ville vinne valet i 1940. Han ønskte ikkje å utfordre veljarane. Han vann med 54,7 prosent av stemmene.

Kvalifiserte ikkje

6. juni 1939 kom vendepunktet. St. Louis letta anker på nytt. Kaptein Schröder meldte at skipet segla attende til Europa. Vona om Amerika blei knust.

Avslaget i USA vekte ei gruppe prominente menn i Canada. Opprørte tok dei 7. juni kontakt med landets statsminister William Mackenzie King og ba han sikre jødane asyl i Canada. King sende bøna til justisdepartementet og immigrasjonsstyresmaktene. Dei avgjorde at jødane ikkje kvalifiserte til opphald. Ingen land kan opne dørene på vidt gap og ta i mot alle dei hundretusental jødane som vil ut av Europa, ein stad må grensa gå, kunngjorde immigrasjonsdirektør Frederick Blair.

Til gasskammera

Avgjerda sende St. Louis attende over havet. 17. juni la skipet til kai i belgiske Antwerpen. Medan jødane var på havet hadde fire land sagt ja til å ta i mot dei. 214 til Belgia, 181 til Nederland, 224 til Frankrike og 228 til Storbritannia.

Året etter velta Adolf Hitlers okkupasjonssoldatar inn i dei tre første landa.

I 1945 strekte Hitler-Tyskland våpen og ba om fred. Snart blei det klart at den tyske, industrielle jødeutryddinga hadde teke livet av seks millionar jødar.

254 av desse prøvde i 1939 å segle til fridom og tryggleik på andre sida av havet.

LES OGSÅ: Provoserer med holocaust-mote

På overtid

8. mai 2018 steig ein folkevalt regjeringssjef fram på scenen i ei jødisk forsamling i Toronto – og varsla ei offisiell orsaking:

– Ei orsaking vil ikkje skrive om dette skamfulle kapitelet i vår historie. Men det er mi von at orsakinga, som kjem på overtid, vil rette søkelyset mot våre misstak, og at vi aldri let noko slikt hende på nytt, sa Canadas statsminister Justin Trudeau.

Statsministeren varsla at sjølve orsaking blir framført i parlamentet i nær framtid.

Kraftig uttrykk

Avgjerda blir helsa velkomen av Shimon Koffler Fogel, leiar for Centre for Israel and Jewish Affairs i Canada:

– For Holocaust-overlevande og deira familiar, vil ei formell orsaking vere eit kraftig uttrykk for anger over den skammelege avgjerda om at «ingen er for mange».

Slektningar til nokre av St. Louis-passasjerane som overlevde krigsåra bur i dag i Canada, og er ifølgje Fogel glade for at statsminister Truedau snart skal kome med ei orsaking utan atterhald.

Senterleiaren meiner oppgjeret med sviket i 1939 vil styrke kampen mot anti-semittisme i Canada.

Kjelder: United States Holocaust Memorial Museum, CBC, Centre for Israel and Jewish Affairs, Canadian Encyclopedia, Toronto Sun, Ottawa Citizen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Vårt Land anbefaler

Mer fra: Nyheter