Nyheter

Manglar teologi - blir prestar

Sidan 2000 er nesten 130 menn og kvinner blitt kvalifiserte til presteteneste utan å være teologar. Men ingen veit kor mange av desse som arbeidar i Den norske kyrkja.

– Vi har per no ikkje ingen oversikt, seier assisterande direktør i Kyrkjerådet, Gerd Karin Røsæg.

Fram til 1999 hadde Forskrift om tilsetting av menighetsprester eit ufråvikeleg krav: Alle som ville bli tilsett som prest måtte ha graden cand.theol. Men det året endra Kyrkjedepartementet forskrifta. På «nærmere vilkår» kunne også personar utan teologiutdanning bli vigsla til presteteneste.

Dei som ønskjer å krype gjennom dette nålauget må søkje Kyrkerådets evalueringsnemnd, som er eit organ for vurdering av kompetanse til personar som manglar cand. theol.-grad.

LES OGSÅ: Sender lokketoner til prestereserven

Krav

Søkjarane må oppfylle fem formalkrav :

• Minst femårig relevant gradsutdanning på masternivå.

• «Dokumentert kunnskaper innen teologiens tradisjonelle hoveddisipliner.»

• Eigna til presteteneste.

• Har fylt 35 år.

• Har hatt mastergraden i minst fem år, nemnda kan gjere unntak frå vilkåret når graden er oppnådd etter fylte 50 år.

– Rundt sju av ti søkjarar kjem denne vegen, opplyser seniorrådgjevar Jørund Østland Midttun i Kyrkjerådets avdeling for kyrkjeordning.

Biskopsøknad

Den er også ein annan veg inn i presteyrket. Kyrkerådets evalueringsnemnd kan godkjenne kandidatar som legg fram «helt særlige grunner fremlagt i søknad fra vedkommende biskop».

Kravet her er at «Vedkommende må ha personlige forutsetninger som gjør at han eller hun utvilsomt er særlig kvalifisert for å utføre prestetjeneste i Den norske kirke, og det må også foreligge et særlig kirkelig behov for vedkommendes tjeneste».

– Om lag tre av ti søkjarar kjem denne vegen, fortel Midttun, og legg til at dei fleste som blir avviste er i denne gruppa søkjarar.

Oppmjuka

Seniorrådgjevar Midttun varslar at regelverket, som blei fastsett av Kyrkjedepartementet i 1999, skal reviderast etter at Den norske kyrkja blei eit eige rettssubjekt i 2017, og med det skilt frå staten.

– Regelverket vil nok bli endra slik at gjerdet blir litt lågare, fleire vil sleppe gjennom, seier Midttun.

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Mer fra: Nyheter