Nyheter

Vil hindre sjølvdrap blant speleavhengige

Kulturminister Trine Skei Grande (V) vil stoppe problemspeling. Ho er er uroa over lett tilgang på spelelån – og sjølvdrapa blant speleavhengige. Forsking skal finne svar.

34.000 nordmenn er det analyser frå Universitetet i Bergen (UiB) definerer som «problemspelarar», og 88.000 er «moderate risikospelarar». Blant dei som blir speleavhengige, ser fleire ingen annan utveg enn sjølvdrap:

«Flere undersøkelser viser at de som lider av spillavhengighet ofte også har andre samtidige lidelser, og at det er en økt forekomst av selvmord blant spillavhengige», skriv kulturminister Trine Skei Grande i eit brev til Stortinget.

Saka er reist av stortingsrepresentant Kari Henriksen (Ap). Ho ønskjer å få vite meir om samanhengen mellom «spillavhengighet og selvmord» og «hvilke tiltak har regjeringen iverksatt for å motvirke dette».

– Vi manglar samla tal, men eg får nok kunnskap om tre-fire sjølvmord kvart år som skuldast pengespel, opplyser dagleg leiar Lill-Tove Bergmo i hjelpeorganisasjonen Spillavhengighet Norge til Vårt Land.

LES MEIR Lokker barn til pengespill

Prosjekt

Grande vedgår at «vi trenger mer kunnskap». Derfor har Universitetet i Bergen fått midlar til fleire prosjekt:

• Av overskotet frå Norsk Tipping har det nye Nasjonalt senter for spillforskning – lokalisert på UiB – fått to millionar kroner til forsking på dei «helsemessige utfordringene for personer med spilleproblemer», noko som også inkluderer «mulige sammenhenger mellom spilleavhengighet og suicidal atferd».

• Institutt for samfunnspsykologi og Forskningsgruppen for avhengighetsforskning, begge UiB, har fått 12 millionar kroner frå Norges Forskningsråd til prosjektet Risk factors for gambling problems. Det skal undersøkje «hvilke faktorer som øker risikoen for at man utvikler problemer med pengespill».

– Kunnskap om samanhengane mellom pengespel og sjølvmord er sterkt etterspurt, så dette er bra, seier Bergmo.

Sjølvdrap

I ein artikkel i Tidsskrift for Den norske legeforening, frå 2008, melder to forskarar frå Statens institutt for rusmiddelforsking at «spilleavhengige som søker behandling rapporterer ofte om selvmordstanker og/eller selvmordsforsøk» og at «befolkningsundersøkelser har vist, om enn ikke entydig, en overhyppighet av suicidal atferd blant dem med spilleproblemer».

Lån

Ei kvinne som tidlegare i år stod fram i lokal- og riksmedia og fortalde om eks-sambuarens sjølvdrap, peika på ei side med problemspelinga, som kulturminister Trine Skei Grande no lovar å ta opp med ein regjeringskollega:

Det er uhyre enkelt å få forbrukslån som kan nyttast til pengespeling.

– Min tidlegare sambuar hadde forbrukslån med skyhøge renter som det er vanskeleg å kome seg ut av, fortalde kvinna.

Grande varslar grep:

«Finansieringsselskaper på nett tilbyr forbrukslån og annen kreditt for å finansiere problemspilling. Problemspillere kan enkelt få tilgang til kreditt med høye renter, også uten at det foretas kredittsjekk eller kontroll av identitet. Tilgangen på kreditt bidrar til å gjøre situasjonen enda mer håpløs for de det gjelder. Jeg vil ta opp denne problematikken med finansministeren.»

LES MEIR Vil ikke si nei til utenlandskes ulisensierte gamblingselskap

Møte

– På høg tid, meiner Bergmo i Spillavhengighet Norge.

Ho fortel at tidlegare kunne den spelavhengige ha 300.000-400.000 kroner i spelegjeld, noko som var mogeleg å handtere når gjelda kom for ein dag.

– No har vi fleire saker der spelegjelda er på millionar.

– Korleis har spelaren fått så høg gjeld?

– Tilgongen på forbrukslån er alt for god, spelarar får fortløpande tilbod om nye lån medan dei spelar på nettet.

Bergmo fortel at Spillavhengighet Norge ba om eit møte med Grande etter at ho hadde blitt kulturminister, for «Venstre er jo liberale i mange spørsmål».

– Ho fekk møte ein med høg spelegjeld som følgje av forbrukslån, og ein pårørande. Eg trur møtet gjorde inntrykk på statsråden.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter