Nyheter

Jobbdate med tolk

Jesintha Mary Mariyasoosai har éin jobbdraum, fast jobb som reinhaldar. Difor er ho på jobbdate med ein hotelldirektør. Og ein teiknspråktolk.

– Eg har arbeidd på vaskeri, i butikk og som reinhaldar. Aldri faste jobbar, men engasjement og tiltaksplassar, lyder det når Mariyasoosai presenterer CV-en.

Vårt Land er på ei uvanleg rekrutteringssamling i Næringslivets hus, NHOs høgborg i Oslo. Vel 150 jobbsøkjarar, alle med funksjonshemming og holete CV-ar, vandrar mellom eit tjuetal arbeidsgjevarar.

Alle ber på same draum: Få ein jobb med fast inntekt.

Fleire får napp på den årlege rekrutteringsdagen, som er ein del av prosjektet NHO kallar «Ringer i vannet».

Jobbdate

– Velkommen til oss, seier hotelldirektør Theodor von Porat, og inviterer Jesintha Mary Mariyasoosai inn på jobbdate.

Mariyasoosai er døv, så ho høyrer ikkje kva hotelldirektøren på Scandic Sjølyst i Oslo seier, men med hjelp frå tegnspråktolk Ingunn Kultorp Martinsen kjem samtalen raskt i gang. Mariyasoosai får presentere seg; får fortalt kven ho er, kva jobbar ho har lyst på og kva arbeidserfaring ho har.

Theodor von Porat noterer det viktigaste, for når alle jobbsøkjarmøta er unnagjort, skal han sortere ut dei kandidatane som skal inn på eit grundigare jobbintervju.

Motiverte

Ved nabobordet står kollega Jannicke Holmgreen Lorentzen, direktør på Scandic Lillestrøm. Ho har også gode røynsler med å rekruttere folk med funksjonshemmingar.

– Felles for denne gruppa er at dei har ein svært sterk motivasjon for å kome seg ut i jobb. Difor tek dei verkeleg vare på jobben om dei blir valt ut, seier ho og fortel om medarbeidarar som står på for å vise seg tilliten verdig.

– Vår røynsle er at hol i CV-en ikkje er noko problem.

Holmgreen Lorentzen seier at det krev noko ekstra av arbeidsgjevar om ein til dømes tilset døve medarbeidarar.

– Men det løyser vi med å bruke teiknspråktolkar og tenkje kommunikasjon på andre måtar.

Arbeid

Tala talar tydeleg. Under halvparten av dei funksjonshemma er i arbeid - eller berre 43 prosent, fortel Statistisk sentralbyrå.

For dårleg, seier Solberg-regjeringa. Så då Venstre tok steget inn i regjeringa i januar, arbeidde dei tre borgarlege partia ei ny politisk plattform. Her dreg Høgre, Framstegspartiet og Venstre opp ein offensiv arbeidsmarknadspolitikk når det gjeld funksjonshemma og dei med nedsett arbeidsevne.

I Jeløya-erklæringa lovar dei to ting:

• «Regjeringen vil invitere både offentlig og privat sektor til en inkluderingsdugnad med konkrete mål om å ansette flere personer med nedsatt funksjonsevne eller som har ‘hull i CVen’. Regjeringen mener at det påligger staten et spesielt ansvar for å gå foran i en slik dugnad.»

• «Sette mål om at minst 5 prosent av nyansatte i staten skal være personer med nedsatt funksjonsevne eller ‘hull i CVen’.»

Solberg-regjeringa seier dei har ein visjon; «eit samfunn der alle kan delta». Og: «Det må legges til rette for personer med nedsatt funksjonsevne i arbeidsliv og dagligliv».

Intervju

Akkurat det veit Hanna Cederström mykje om. Ho er vegleiar i arbeidsmarknadsbedrifta Signo Rycon i Oslo som gjev arbeid til døve, hørselshemma, personar med hørselsutfordringar og døvblinde. I dag er ho i Næringslivets hus saman med ti jobbsøkjarar frå Signo Rycon.

– Mange døve og hørselshemma opplever aldri å bli kalla inn til intervju. Hørselshemminga står i vegen, seier ho og fortel at mange arbeidsgjevarar ikkje ser kompetansen til dei som søkjer jobb på vanleg måte, skriftlege søknadar. Dei ser berre at vedkommande er døv eller har ei hørselshemming, og tenkjer at det betyr meirarbeid og dyre tilpassingar.

Cederström forklarar at omgrepa «døve» og «hørselshemma» spenner frå dei som er født døve eller har mista hørselen til dei som har fått ulike hørselsskader som følgje av sjukdom eller ulukker.

Mål

Inkluderingsdugnaden til Solberg-regjeringa er ikkje konkretisert når det kjem korleis ein skal nå målet: fem prosent av nytilsette i staten skal ha nedsett funksjonsevne eller «hol i CV-en».

Omsett i tal betyr målsettinga at staten årleg må rekruttere godt over tusen personar frå desse gruppene. Men statssekretær Paul Chaffey (H) i Kommunaldepartementet vedgår at mykje er uvisst om kva som skal gjerast for å nå Jeløya-målet.

– Vi jobbar no med å finne ut av dette. Kva tiltak vil ha effekt? Korleis skal det overordna femprosentmålet konkretiserast inn i dei einskilde verksemdene, slik at det blir følgt opp? Og korleis kan det vere mogleg å måle om dei når målet? seier han til NTB.

Men Chaffey er sikker i éi sak: Når regjeringa inviterer til integreringsdugnad, må staten vise veg og gå fremst.

Krav

Funksjonshemmedes Fellesorganisasjon har formulert eit sysselsetjingskrav som er sendt regjeringa: 10.000 fleire menneske med funksjonsnedsetting i arbeid over fem år.

Med tal frå SSB og Direktoratet for forvaltning og IKT (Difi) viser analyser at staten må rekruttere 1.200 personar med «nedsett funksjonsevne» og «hol i CV-en» årleg for å nå femprosentmålet.

Von

Etter møtet med Scandic er Jesintha Mary Mariyasoosai optimistisk

– Eg vonar verkeleg at eg blir kalla inn til intervju. Eg har så lyst på ein fast jobb, for eitt er sikkert: Eg vil arbeide.

Les mer om mer disse temaene:

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter