Nyheter

Som å gå attende i tid

Meiner du Bibelen skal tolkast direkte, og er på jakt etter ein familie i Oslo lik den på bedehuset heime, er Misjonssalen absolutt verdt å testa.

Bilde 1 av 2

Vårt Land starter ny serie med anmeldelser av gudstjenester hver mandag. Anmeldelsene skrives under pseudonymet St. Birgitta, pilegrimenes skytshelgen.

Misjonssalen er som det levande bedehuset på bygda tatt inn til storbyen. Aktivitetar heile veka, enkle samlingar, og fokus på synd, song og barnetru formar kyrkjelyden. Her kan du både vakse opp, følgje dine etterkommarar i kristenlivet, og ha ein 
alderdom. Truleg får du òg med deg ein god del kunnskap om Etiopia før veka er over.

Å tre inn i Misjonssalen Oslo, er litt som å gå attende i tid. Det er klassiske forsamlingsstolar i rekker, og ei enkel scene med piano, blomar og tente lys. Preikestol, altar og andre symbolske møbel finn du ikkje. På veggane ser du berre maling, med to veggskulpturar med kors bak scenen som heiderlege unntak.

Salen minner meg om kjellarstova til ho i bygda som heldt misjonsring for skulejentene, berre utan furupanel. Turids veggteppe med tre kors trur eg likevel hadde hengt fint i Holbergs gate 4, så lenge det ikkje blir for mange av dei.

Tilgjeving

Du møter ei salig blanding av dei under ti og dei over 40. Nokre av dei unge vaksne slit nok framleis med etterdønningane av ein sein laurdagskveld på MUF – Misjonssalen Ung Fellesskap. Ein av dei få unge som kjem inn døra, sjarmerer seg inn på «eldrerekka» på rad 4. Sjølv får eg ei på rundt 70 ved sida. Ho stemmer godt i under kvar salme.

For er det noko Misjonssalen Oslo kan, så er det å synga. For­utan tekstlesing, kollekt, preika og nattverd, er songane frå Sangboken kjernen i gudstenesta. Med utgangspunkt i barnetrua syng me at minstemann er nærast 
Jesus, akkompagnert av eit piano og tre klåre kvinnestemmer. Musikken er gammaldags, men passar utmerka for sjarmøren på eldrerekka og andre gamle sjeler.

Under nattverda syng me om syndstilgjeving, medan me på rekke venter på å forme nattverdsringar fremst i salen. Det er nattverd første søndag kvar månad, noko som verker som ei etterlengta hending for NLM-forsamlinga. Bør dei ha det oftare?

LES KOMMENTAREN: De færreste oppsøker nye menigheter fysisk. Derfor gjør vi forarbeidet for dem, sender en person rundt i hovedstadens menigheter.

Basic

Misjon er utgangspunktet for Misjonssalen, og sjølv etter at Norsk Luthersk Misjonssamband i 2015 fekk eit eige trussamfunn, er gudstenesta sterkt prega av det internasjonale misjonsarbeidet. Aldri før har eg fått så mykje informasjon om kva kollekten går til som frå den fire 
minutters lange videoen om arbeidet i Etiopia.

Når kollekt er gjennomført og borna er sendt på søndags­skulen — med tre songar for å sette stemninga – er det tid for preike. Ungdomspastor Jan Magnus Lillebø tek fatt på det han kallar Bibelens versjon av Hjemme alene-filmane, då Jesus hang med prestar i Jerusalem i staden for å dra heim til Nasaret med familien (Luk 2.40-52). Preika hjelper meg med å forstå at Jesus sjølv var oppteken av at han er Guds son, og kor opplagt det var for Jesus at han vart igjen i tempelet, medan foreldra vart fortvila fordi han forsvann.

Trass ein spanande bibeltekst, treff ikkje preika meg. Det blir for basic, og eg blir ikkje klokare på korleis dette speler inn i livet mitt. Eg synest det manglar substans, eit tydelig språk og klare linjer. Det er kjipt, spesielt for den som ønsker å utvikle trua si. Hjemme alene-referansen treff meg heller ikkje, og eg tviler på at han rørte eldrerekka noko meir. Vonleg går ikkje Misjonssalens talarar så mykje ut frå at tilhøyrarens referansepunkt er lik deira eigne til vanleg.

Prinsipiell synd

Dei mange vedkjenningane og bøn er siste del av programmet, etter preike og nattverd. Her kjem bedehuskjensla til oss gjennom ei tydeleg vekt på synda. For i Misjonssalen er synda nær, og det veit både Gud og dei til stades. Me snakkar likevel ikkje om nokon ildtale, heller ikkje om moralpreik. I staden forkynnast synda meir prinsipielt, som ein realitet som gjer at me treng tilgjeving.

Gudsteneste i Misjonssalen er roleg, strukturert, og utan glitter og amerikansk halleluja-stemning. Kyrkjekaffien er særs 
inkluderande. Om du får helst på ein, ruller ballen, og plutselig er du invitert både på nye møter og skogstur.

Alle skal med

Som mange vestlandske bedehus, har Misjonssalen òg ein intern misjon mot sine eigne. Det er MUF og gudsteneste, studentbøn, barnemøte og kafear for både internasjonale, babyar, strikkande og quizande. I tillegg finst mange småfellesskap i misjonsringar, bønnegrupper og husgrupper. Sjølv dei som har sjukt mykje fritid vil kunne fylle opp dagane sine ved å nytta Misjonssalens tilbod. Det internasjonale perspektivet frå misjonsarbeidet sikrar òg godt tilgjengeleg oversetting til engelsk via høyretelefonar i tilfelle du skulle ha med deg ein engelskspråkleg kollega eller studie­kamerat.

Så, kva får du eigentlig av å gå i Misjonssalen Oslo? Forsamlinga tilbyr tradisjonell bibelundervisning, fin musikk, eit lass aktivitetar, og stor kunnskap om misjonsarbeidet til NLM. Slik bedehusrørsla skal vera, er det eit meir sjelfullt og meir konservativt alternativ til Den norske kyrkja. Meiner du Bibelen skal tolkast direkte, og er på jakt etter ein familie i Oslo lik den på bedehuset heime, er Misjonssalen absolutt verdt å testa.

Og kven veit — kanskje får du eit par nye fritidsaktivitetar eller blir ekspert på Etiopia i same slengen!

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter