Nyheter

KrF går mot «dødsgebyret»

Senterpartiet samlar støtte for kravet om å gje «dødsgebyret» dødsstøyten. SV er mot og no seier KrF nei. Ap forstår at folk reagerer.

– Gebyret er usosialt, så KrF seier nei til innføre det, fortel KrFs justispolitiske talskvinne, Jorunn Gleditsch Lossius.

– Men KrF stemte for 2018-budsjettet til regjeringa, der gebyret blei presentert?

– Ja, men det var ein glipp at vi ikkje reagerte i fjor haust.

Lossius forklarar at det er rett og rimeleg at når dei som har mest slepp arveavgift, bør dei som har langt mindre få sleppe å betale eit skifteattestgebyr. Solberg I-regjeringa fjerna arveavgifta. Solberg II vil innføre det som har fått namnet «dødsgebyret».

Vårt Land fortalde for snart tre veker sidan at regjeringa vil dra inn 40 millionar årleg ved å ta 1.130 kroner for ein skifteattest, som i dag er gratis. Skifteattesten er det sentrale dokumentet ved privat skifte av dødsbu. Før arvingar kan disponere over eit dødsbu, må dei ha ein attest som legitimerer dei som arving i buet. Desse attestane blir utsteda av tingretten.

LES MEIR Sp: «Dødsgebyret» er grådighet

Sterke reaksjonar

Gebyret til regjeringa og justisminister Sylvi Listhaug (Frp) har vekt oppsikt:

– Å innføre eit gebyr på slike attester er urimeleg. Dette er det same som å skattlegge døden, sa generalsekretær Knut Chr. Høvik i Senior Norge til Vårt Land 6. februar.

Dagen etter sende stortingsrepresentant Geir Pollestad (Sp) eit skriftleg spørsmål til justisministeren: «Kva er det som gjer det naudsynt for regjeringa å innføra 1130 kroner i gebyr på folk sin død?». Listhaug svarte at «regjeringen følger opp Stortingets budsjettvedtak».

Sp vil skrote

Så small det i Stortingets spørjetime sist onsdag. «Arroganse». «Toppen på frekkhet». Kraftige utfall kom tett i Senterpartiets stortingsraid mot Listhaugs gebyr, som hadde blitt omdøypt til «dødsgebyret».

Straks møtet var over forfatta Sp eit såkalla representantforslag. Sp-leder Trygve Slagsvold Vedum og Pollestad, som er leiar av Stortingets næringskomité, ber Stortinget skrote gebyret, som no er ute på høyring: «Stortinget ber regjeringen om å ikke innføre gebyr på utstedelse av skifte- og uskifte­attester og på utstedelse av fullmakt til å disponere over bo av mindre verdi», lyder forslaget.

LES MEIR Ampert om «dødsgebyret»

Ap vurderer

SV har varsla at dei støttar Sp-forslaget, og når også KrF stiller seg bak, blir det Arbeidarpartiet som avgjer gebyrstriden. Seier også Ap ja, tvingar stortingsfleirtalet Sylvi Listhaug til leggje vekk forslaget – og med det blir Solberg-regjeringa påført eit sviande nederlag.

Lene Vågslid (Ap) er leiar i Stortingets justiskomité:

– Eg forstår godt at folk reagerer på dette og meiner det er urimeleg.

Ap-toppen varslar at Arbeidarpartiet vil sjå på saka, for akkurat som Sp og KrF vedgår også Ap at «dødsgebyret» fekk lite merksemd under budsjettarbeidet i fjor haust.

– Vi må vere så ærlige å sei at det nok gjekk under radaren for mange av oss, seier Vågslid.

LES MEIR Krev gebyr på døden

Sp angrip

Medan Sp samlar støtte for skrotforslaget, går partiet til åtak på justisministeren. Pollestad meiner Listhaug serverte løgn då ho påsto at eit samla Storting har vedteke å innføre gebyr på skifteattesten. Han seier til Avisenes Nyhetsbyrå (ANB) at dette er «fri fantasi»: «Det er alvorlig at Listhaug i Stortinget påstår at Sp har stemt for et gebyr når vi ikke har gjort det. Statsråder skal ikke snakke usant i Stortinget. Nå prøver Listhaug å vri seg unna. Hun må slutte å spre feilinformasjon og ta ansvar for dette gebyret.»

2018-budsjettet til regjeringa blei vedteke med støtte frå KrF og Venstre, og Listhaug vedgår, til ANB, at ho har formulert seg «upresist», men legg til at ingen parti protesterte mot gebyret då Stortinget behandla statsbudsjettet.

Måndag sende Pollestad eit nytt skriftleg spørsmål til Listhaug: «Kan statsråden vise vedtaket i Stortinget om å innføre «dødsgebyret»?» Listhaug har svartfrist på måndag.

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhendeavdelinga i Vårt Land. Han har arbeidd i Vårt Land sidan 1992 og har tidlegare vore deskjournalist, vaktsjef, nyhendeleiar og samfunnsredaktør (nyhenderedaktør) i avisa. Han skriv særleg om asyl-, flyktning- og integreringspolitikk, oppvekst og utanriks – og konsekvensar av vedtak i regjeringa og Stortinget. Tips gjerne på: bjbj@vl.no

Mer fra: Nyheter