Vil byggje fleire omsorgssenter

Solberg II vil ha færre mindre-årige asylsøkjarar til Norge. Difor lovar regjeringa å ­«Arbeide for å etablere omsorgssentre i hjem-landet.»

Erna Solberg (H), Siv Jensen (Frp) og Trine Skei Grande (V) vil byggje fleire omsorgssenter slik at Norge også kan returnere mindre-årige asylsøkjarar som får endeleg avslag.
Publisert Sist oppdatert

Dei såkalla «oktoberbarna» retta i fjor haust søkelyset på den norske returpolitikken: Mindreårige asylsøkjarar frå særleg Afghanistan fekk berre mellombels opphald fram til dei fylte 18. Straks dei blei myndige, blei dei skyssa tilbake til Afghanistan, og særleg til ­hovudstaden Kabul, for her var det trygt. Mange av ungdommane kom frå andre delar av landet, som er definerte som «utrygge».

Så overkjørte stortingsfleirtalet regjeringa i november, og kravde at innvandringsminister Sylvi Listhaug kjem opp med ein praktisk politikk som blant anna skal gje ei større gruppe unge afghanarar, med endeleg avslag, ein ny runde i ­utlendingsforvaltninga.

LES OGSÅ: Mer egennytte i bistand

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP