Kven hadde vi vore utan sild?

Få fiskar hadde fortent ein plass i Edens hage betre enn silda. Særleg den norske utgåva av hagen.

Kven hadde vi vore utan sild? Siri Helle skriv om silda, som fleire gonger har trua med å forsvinne­, men som alltid har dukka opp att, like feit og fin og livbergande som før.
Publisert Sist oppdatert

Var det fisk i Edens hage? Ja, det flyt nokre ­elver gjennom ­hagen, men kor dei kjem frå, og kor dei skal, er ikkje så klart definert.

Det er nok ganske så typisk. Havet er jo framleis fyrst 
og fremst eit stort mørke for oss – i dei aller fleste tydingar av ordet. Nett for tida trur vi at 
vi kjenner kring tre prosent av livet der nede – og då bruker 
eg ordet «kjenner» i definisjonen «flora og fauna­ vi har eit namn på». Når vi så tenkjer på 
kor ­mykje dei tre prosentane 
utgjer, kan ein verte­ både yr 
og galen av å prøve å forestille seg kor mykje som står att å oppdage.

Ein kan byrje med å innsjå kor uoverskodeleg det er å skulle lage eit forvaltningsregime for havområda våre. Særleg om ein ser kor detaljert kunnskap ein treng om kvar art for å klare å føresjå kva som skal til for å halde han sunn, frisk og i det minste i live. Berre tenk på kor mykje usemje det er kring forvaltninga av 
villaksen - ein art det er brukt milliardar av kroner på å forske på. Men uansett kor mange, dyre og kompliserte laboratorier vi bygger, har det synt seg 
vanskeleg å skape att alt som 
lev i det ekte økosystemet, for ikkje å snakke om situasjonen det lev i.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP

Powered by Labrador CMS