Frelsesarmeen etterlyser heiagjeng for barnevernsbarna
Eit godt planlagt ettervern må vere på plass lenge før 18-årsdagen, krev Frelsesarmeen. – Barnevern, NAV og helsetenester må kappast om å gje mest, seier fagleiar.
May Lisbeth Smeby er fagleiar i Frelsesarmeens barne- og familievern. Ho har arbeidd med barnevernsbarn i 30 år.
Heidi Goodreid
May Lisbeth Smeby har arbeidd med barnevernsbarn i 30 år.
– Eg har møtt mange ungar, ungdommar og foreldre. Sterke, flotte folk som treng hjelp for ein periode i livet. Nokre gonger er det slik at perioden kan vere kort. Men veldig mange gonger er det behov for støtte i fleire år. Ettervern kan vere ei slik støtte, fortel Smeby, som er fagleiar i Frelsesarmeens barne- og familievern.
Den ideelle organisasjonen har 80 institusjonsplassar for små barn og ungdommar, og 50 fosterheimar.
Bestill abonnement her
KJØP