Norge sponsar EUs flyktningstopprogram

Norge har gjeve 80 millionar kroner til EU-fond som EU brukar til å støtte tre afrikanske land som stoppar flyktande eritrearar, deporterer dei eller låser dei inn i grufulle leirar.

Kristne eritrearar arrangerte eit bønnemøte ombord på båten som redda dei opp av Middelhavet. Desse flyktningane var heldige og blei frakta til Italia av redningsbåten frå ein frivillig hjelpeorganisasjon. Mange andre landsmenn kjem seg ikkje ut frå interneringsleirar i Libya.
Publisert Sist oppdatert

– Det er desse lidingane Solberg-regjeringa overser når dei løyver millionar til EU-fondet, seier Finn Våge, leiar i solidaritetsorganisasjonen Eritreakomiteen.

Afrikas siste diktatur ligg heilt i front. Få andre land blir tømt for borgarar så raskt som Eritrea, seier FNs flyktningorganisasjon (UNHCR). Drygt 5.000 flyktar ut av landet kvar månad, på søk etter eit langt tryggare land å busetje seg i.

Dei flyktar frå ein eittpartistat prega av politisk undertrykking, og frå den særs lange samfunnstenesta.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP