Dør med dragning

Lenge låg byen løynt i ateistiske DDR. No strøymer pilegrimar til Wittenberg for å ta bilete av verdas mest kjende lutherske dør. Mange reiser heim med Martin Luther i plast.

31. oktober 1517 skal Martin Luther ha hamra opp 95 tesar mot særleg avlatshandel på denne slottskyrkjedøra i Wittenberg. Døra er eit ynda fotomotiv.
Publisert Sist oppdatert

– Det var her reformasjonen eigentleg starta, kan ein seie, Wittenberg var reformasjonens vogge.

Guiden tek oppstilling og ventar på at fotografane skal bli ferdige, slik at han kan leie gruppa heilt fram til det dei har kome for å sjå. På det vesle torget utanfor slottskyrkja i Wittenberg er det mange som stimlar saman utanfor plastgjerdet teknisk etat i kommunen har sett opp. Ingen skal få kome heilt inntil sjølve døra.

Fram til 31. oktober 1517 var døra berre ei sidedør i slottskyrkja i Wittenberg. Men så, på den siste dagen i oktober det året, steig ein skriftlærd kar, ein ­teologiprofessor frå universitetet i byen fram med hammar, spiker og ark fulle av tekst.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP