Mellomkyrkjeleg Råd krev stopp i pengegåver til Vestbreidda
Mellomkyrkjeleg Råd er opprørt over at norske Israels-vener får samle inn millionar til ulovlege, israelske busetjingar på Vestbreidda. Regjeringa må handle, krev rådet.
10. mai var styreleiar John Skåland (t.h.) i Karmel-Instituttet i busetjinga Ma´ale Efraim på Vestbreidda og overrekte éin million kroner til nybyggjarleiar Motti Isaak.
Karmel Israel-Nytt
– Karmel-Instituttet støttar opp om Israels brot på folkeretten. Difor må pengegåvene bli stoppa, seier generalsekretær Berit Hagen Agøy i Mellomkyrkjeleg Råd (MKR) til Vårt Land.
John Skåland, styreleiar i Karmel-Instituttet, kontrar hardt tilbake:
– Dette er komplett galskap. Her går Mellomkyrkjeleg Råd til angrep på kristne som står for noko, som trur på ei sak.
Bestill abonnement her
KJØP