Svipptur til Sverige – får eitt år i fengsel
Mannen reiste til Sverige for å handle mat og snus. Politiet stoppa han på returen til Norge. No er mannen dømt til eitt år i fengsel. Han braut pålagt innreiseforbod.
Fleire av dei som blir stoppa av politiet for brot på innreiseforbodet i utlendingslova, blir stoppa på Svinesund. Her frå ein kontroll av asylsøkjarar på veg inn i Norge i 2015.
Junge, Heiko
– Straffenivået i denne type saker er blitt urimeleg høgt, seier advokat Hans Christian Nygaard Wang.
I ein fersk dom frå Borgarting lagmannsrett får Stortinget kritikk for å ha bunde opp skjønnet til domstolen i saker der personar bryt innreiseforbodet i utlendingslova.
Langt på veg har lovgjevarane fråteke domstolen fridomen til å fastsetje lengda på straffa, seier lagmannsretten.
Bestill abonnement her
KJØP