Overgrepsdømde vil jobbe med barn

Stortinget vil verne barn mot overgrep. Politiet avslører jobbsøkjarar som ber om politiattest for å få jobbe med unge og sårbare, men som ikkje har kritkvite rulleblad.

Barnehagen skal vere ein trygg stad for dei minste. Både storting og regjering er opptekne av å minimere faren for overgrep, utført av tilsette.
Publisert Sist oppdatert

Siste halvår i fjor varsla politiattestkontoret politidistrikta om 196 saker som gav grunn til otte. Hittil i år har dei varsla om 196 saker.

– Vi driv eit viktig førebyggjande arbeid, seier Lone Bangsund, fungerande leiar av Politiets eining for vandelskontroll og politiattestar, som er ei nasjonal teneste, lokalisert til Vardø.

Med Stortingets støtte har Solberg-regjeringa stramma til på særleg to sektorar, barnehage og eldreomsorg. Hausten 2015 la helseminister Bent Høie (H) fram forslaget om at alle som skal arbeide i kommunale helse- og omsorgstenester må leggje fram politiattest. Samstundes endra kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) krava til vikarar i barnehagar. Også dei som jobbar mindre enn 14 dagar i barnehage skal ha levert politiattest før dei byrjar i jobben.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP