«Retten er kommet til at oppsigelsen ikke krenker saksøkers samvittighetsfrihet/religionsfrihet, og at den heller ikke av andre grunner er ugyldig som stridende mot rammeavtalens krav om at oppsigelse må være saklig begrunnet», seier dommen i tingretten, og held fram:
«Når konklusjonen er at oppsigelsen er gyldig, er det (selvsagt) heller ikke grunnlag for å kravene om å gjeninnta saksøker i fastlegestillingen og/eller tilkjenne erstatning, og kommunen frifinnes».
Sauherad kommune er frifunnen, men partane må bere eigne sakskostnadar.
Historisk rettssak
Rettssaka i Aust-Telemark tingrett var historisk. Domstolen vurderte for første gong om ein fastlege kan nekte å utføre lovpålagde tenester ved å vise til samvitsargument: ein fastlege skal få lov til å ha fridom til å avgjere sjølv kva ein vil.
Jachimowicz var fastlege i Sauherad fram til ho blei sagt opp i desember 2015. Ho mista jobben i Telemarks-kommunen fordi ho nektar å setje inn prevensjonsmiddelet spiral på kvinner.
Fastlegeforskrifta, som kom i januar 2015, slår fast at leger ikkje har en reservasjonsrett, korkje mot å vise kvinner til abort eller mot å setje inn prevensjonsmiddelet spiral.
Den katolske legen Jachimowicz saksøkte Sauherad kommune og viste til retten til samvitsfridom, som er felt ned i Den europeiske menneskerettskonvensjon, artikkel 9.
Tre krav
I retten hadde ho tre krav:
• Oppseiinga skal kjennast ugyldig, og ho skal få tilbake jobben som fastlege og kommunalt tilsett lege.
• Ho skal få erstatning, storleiken blir det opp til retten å fastsetje.
• Ho skal ha erstatning for advokatutgiftene i samband med arbeidet med søksmålet.
Den polske legen er katolikk, og abortmotstandar. Hennar motstand mot spiral skuldast at prevensjonsmiddelet hindrar egget i å feste seg til livmora.