Nyheter

Mandal kyrkje får 12 millionar

Mandal kommune trugar med å la Norges største trekyrkje rotne. Kulturministeren har funne fram 25 vedlikehaldsmillionar til ni kyrkjer.

Bilde 1 av 9

Vi leverer på det vi lovar i regjeringserklæringa, meiner Høgre-statsråd Linda Hofstad Helleland som torsdag legg fram sitt siste kyrkjebudsjett. 1. januar 2017 overtek som kjent Den norske kyrkja sjølve ansvaret for å forvalte milliardløyvinga frå staten.

Hausten 2013 blei dei to blåblå partia samde om at «Regjeringen vil bidra til et nasjonalt løft i sikringsarbeidet av fredede og verneverdige kirker».

– Vedlikehaldet av kyrkjer er blitt nedprioritert i kommunane, så det er ein formidabel jobb som ventar, seier Helleland til Vårt Land.

LES MEIR Milliardforfall i norske kirker

Gigantetterslep

Kirkens arbeidsgiverorganisasjon (KA) har rekna ut at etterslepet på vedlikehald av kyrkjer nærmar seg 12 milliardar kroner.

Kulturdepartementet har oppfanga naudropa. I statsbudsjettet som kjem i dag har kulturminister Helleland funne fram 50 millionar vedlikehaldskroner som skal fordelast på to grupper av bygg, 25 millionar til ni kyrkjer og 25 millionar til fire museum.

Deler 25 millionar

Dette er kyrkjene som skal dele Hellelands vedlikehaldspott på 25 millionar:

• 12 millionar: Mandal kyrkje i Vest-Agder, frå 1821, er eit av dei største trebygga i Norge.

• 5,575 millionar: Avaldsnes kyrkje: Steinkyrkje frå middelalderen på Avaldsnes på Karmøy, Rogaland. Stod ferdig 1320.

• 2,250 millionar: Voss kyrke/Vangskyrkja: Langkyrkje i stein frå 1277 på Vossevangen i Voss kommune, Hordaland.

• 1,5 millionar: Sankt Jetmund kyrkje: Langkyrkje i marmor og stein frå 1155 på Åheim i Vanylven kommune, Møre og Romsdal. Kyrkja blei riven i 1863, men gjenreist i 1957.

• 1,0 millionar: Hov kyrkje: Langkyrkje i nygotisk stil i tre frå 1887 i Sunndal kommune, Møre og Romsdal.

• 800.000: Bremsnes kyrkje: Korskyrkje i tre frå 1771 i Averøy kommune, Møre og Romsdal.

• 800.000: Åsskard kyrkje: Langkyrkje i tre frå 1876 i Surnadal kommune, Møre og Romsdal.

• 500.000: Sørbø kyrkje: Langkyrkje i stein frå 1130 i Rennesøy kommune, Rogaland.

• 400.000: Os kyrkje: Langkyrkje i tre frå 1870 i Os kommune, Hordaland.

Milliardbehov

Budsjettkamerat KrF er glad regjeringa har funne ekstra pengar til vedlikehald, men stortingsrepresentant Anders Tyvand ventar på meir:

– Vi er utolmodige, vi ventar på at statsråden skal levere ein strategi for kyrkjevedlikehald, seier Tyvand.

Han viser til vedtaket Stortinget gjorde i fjor vår: «Stortinget ber regjeringen, i henhold til sektorprinsippet, utarbeide en forsterket strategi for hvordan steinkirker fra middelalderen, fredede etterreformatoriske kirker og særlig viktige kirker fra etter 1650 kan sikres et forsvarlig vedlikeholdsnivå».

Krav til regjeringa

Saka blei reist av KrF og Senterpartiet. I komiteen fekk dei med seg Ap, SV og MDG. Dermed slo stortingsfleirtalet fast at «et systematisk vedlikeholdsløft for de gamle kirkebygningene vil kreve en systematisk satsing over flere tiår» – og at det må til et spleiselag mellom stat og kommune.

Kommunane har ansvaret for 1.629 kyrkjer, der mange er frå middelalderen. 14 prosent av kyrkjene er freda. I kampen mot sjukeheimar, skular og barnehagar har kyrkjene tapt kronekampen i svært mange kommunestyre.

LES MEIR Måtte reparere kirketårn med lastestropper

Kyrkje rotar

Mandal kommune har ansvaret for Norges største trekyrkje. Her er problemet byggjemetoden; innemurt bygningsverk. No rotnar kyrkja innanfrå. Ferske byggvurderingar seier at det vil koste rundt 60 millionar kroner å redde bygget. Men kommunen har ikkje pengane. I sommar sa ordførar Alf Erik Andersen, frå Frp, at han var villig til å la kyrkja rotne ned om dei ikkje får statleg hjelp.

Fire museum

Dette er musea som skal dele 25 millionar:

• Kode i Bergen, får ny passasjerbåt til Ole Bulls heim Lysøe.

• Dalane folkemuseum i Rogaland.

• Jærmuseet i Rogaland.

• Hardanger og Voss museum i Hordaland.

Iselin Nybø hjå budsjettkamerat Venstre er nøgd med at nokre kyrkjer og museum får litt til vedlikehald. Men etterlyser som KrF mykje meir.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter