Nyheter

Lucifer, angsten og Vigdis

Det er ikkje rart ho blir redd, viss ho trur muslimske skaut signaliserer mordlyst.

Vigdis ser på Dagsrevyen med barnebarnet. Peikefingeren hennar er retta mot skjermen som viser sinte, svart­håra menn frå ei krigssone i Midt-Austen.

– Sjå vondskapen og hatet i dei mørke blikka! Du finn ikkje farlegare folk enn muslimar, seier ho. Guten tykkjer dei liknar på far til Amir i klassen.

Han har ikkje høyrt bestemora snakka slik før. Vanlegvis er lufta i stova hennar mjuk og varm. Ho er det beste mennesket han veit om. På hylla ved TV-en står eit blått kort han har teikna til henne, av ei kvinne med briller og venger. «Bestemor er ein engel», har han skrive. Ho elskar det kortet.

Amir i klassen

Viss muslimske Amir hadde vore usynleg til ­stades når ho snakkar med seg sjølv framføre TV-en, eller saman med nokre av venninnene, kunne han fort følt seg hata. Men i eigne auge hatar Vigdis ingen. Derimot er det ikkje vanskeleg for Vigdis å innrømma at ho er livredd muslimar. Den daglege cocktailen ho tar inn av avisartiklar og kommentarar i Facebook-feeden er ingen angstdempande medisin, tvert om. Ho har høyrt frå truverdige kjelder at «hijab er uttrykk for ein ideologi som gir menneske rett og plikt til å drepa vantru, altså kristne.» Det er ikkje rart ho blir redd.

Angst er følelsen som sikrar at me overlever. Den motiverer oss til rasjonell handling, til flukt og kamp, når det trengst. Baksida er at den ­motiverer oss til irrasjonell handling når det ikkje trengst. Enkeltmenneske opplever grunnlaus frykt i tallause kvardagssituasjonar, og ein av fire får ei angstliding i løpet av livet.

Det ser ut til at samfunn også kan få angst­lidingar. Eitt eksempel er når lokale styresmakter i Frankrike trur at forbod mot heildekkjande bade­drakter (berre dei som blir brukte av muslimske kvinner) er eit rasjonelt tiltak mot terror. Landet er i «granatsjokk» og trampar ned sine eigne verdiar i panikk. Fridom, likskap og brorskap blir fordom, ulikskap og utanforskap.

LES OGSÅ: – Demp det religiøse språket

Angst er følelsen­ som sikrar at me overlever. ­Baksida er at den ­motiverer oss til irrasjonell ­handling når det ikkje trengst.

Lucifer-effekten

Terroristane gnir seg i hendene. Dei brukar ­elementær gruppepsykologi for å skapa oss om til fiendar i sitt bilde. Dei har sjølvsagt lese bøkene til psykologiprofessoren og vondskapsforskaren Philip Zimbardo, meiner Tor Levin Hofgaard, presidenten i Norsk Psykologforening. «De vet at den rette settingen, den rette virkelighetsopplevelsen,­ kombinert med sort/hvitt tenkning og inn- og ­utgruppe-definisjoner kan føre selv de mest vennligstilte inn i mørket. Lucifer-effekten kalles det i psykologien. Alle radikale bevegelser i historien har utnyttet den,» skriv han i artikkelen Frykt som våpen (2010).

Vondskapen kan vekkjast hjå alle. Blant dei anti­muslimske stemmene i kommentarfelta ser ein det overraskande ofte: «Engle-bestemødrer» som spreier meir skit enn ein jærbonde under våronna. Dei får god hjelp av menneske i alle aldrar. Møkka dei spreier luktar sterkt av frykt.

Grunnen til at terror blir kalla terror er jo fordi ordet betyr «ekstrem frykt». Ved å bli redde oppfyller me terroristen sitt ønskje. Kva om me sa «IS står bak eit nytt fryktangrep»? Kunne ei stadig påminning om terroristen (frykt-isten) sitt våpen skapa eit sterkare ønskje om ikkje la seg lura?

LES OGSÅ: Nordmenn mer positive til moskéer enn noen gang

Indremedisin

Dei bibelske oppmodingane «frykt ikkje» og «ver ikkje redde» passar betre som indremedisin for enkeltmenneske og samfunn, enn på kjøleskapsmagnetar. Det motsette av frykt er mot. Både i jødedommen og den greske antikken var motet blant dei største dydane.

Me blir uvennlege og omsynslause når me er redde. Frykt gjer hjartet hardt. «Ta vare på hjartet framfor alt, for livet går ut frå det,» står det i Bibelen i reolen til Vigdis. Ho må ikkje gløyma at ho eigentleg er eit modig menneske.

Les mer om mer disse temaene:

Ann Kristin van Zijp Nilsen

Ann Kristin van Zijp Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter