Nyheter

– Norfund må tenke nøye over rolla si

Det er ingen annan grunn til å investere gjennom Mauritius enn å spare skatt, meiner Alvin Mosioma. Han ber det statlege investeringsfondet velje om det vil vere på lag med skatteparadisa eller dei fattige.

Statens investeringsfond for næringsvirksomhet i utviklingsland (Norfund) har fått mykje kritikk for å investere gjennom skatteparadis. Norfund har forsvart bruken av skatteparadis som Mauritius med at målet ikkje er å unngå skatt eller skjule eigarskap eller opplysningar, men at det er viktig for å få andre investorar med på laget. Norfund har understreka at skatteparadisa fondet brukar, har strukturar og opplegg som gjer det lettare og sikrare å investere i fattige land.

Leiaren for Tax Justice Network Africa berre ler.

– Det er ingen andre grunnar til å sette opp investeringar gjennom Mauritius enn skatteårsaker. Alle veit at Mauritius sel seg inn som innfallsporten til Afrika ved å tilby å minimere skatt. Ein ting er at reine profittdrivne selskap vel ei slik løysing. Noko anna er at eit statleg fond gjer det, seier Alvin Mosioma.

LES OGSÅ: Norfund bruker fortsatt skatteparadiser

Viktig fond

Han meiner at Norfund speler ei viktig rolle.

– Norge framstiller ofte seg sjølv som eit lite land i verda, men innan utvikling er ikkje Norge ein liten aktør. Norfund er det største statlege fondet som investerer i næringsutvikling i fattige land. Eg synest Norfund må tenkje alvorleg på skattedimensjonen ved investeringane sine. Kva Norfund vel å gjere, har ein signaleffekt som er viktig.

Mosioma spør også om Norfund ønskjer å ha forretningsforhold til selskap som unngår skatt.

Norfund svarer at fondet ikkje har noko nytt å seie om skatteparadisspørmåla, men seier seg einig i at det er viktig å kjempe mot korrupsjon.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Opprette FN-organ

Mosioma var i går på Stortinget og møtte leiar for Stortingets finanskomité, Hans Olav Syversen (KrF). Mosioma ber Norge stå på for at FN tek eit større ansvar for internasjonale skattereglar, slik at det ikkje er OECD som har heile ansvaret. Syversen er einig.

– Mykje er overlate til OECD, som er dei mest velutvikla økonomiane. Eg har sjølv sett at OECD også tek inn perspektiv frå utviklingslanda i skattedebattane, men det vil vere nesten rart om ikkje FN engasjerer seg meir i så vesentlege spørsmål om FN vil nå berekraftsmåla ein har sett, seier Syversen.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter