Nyheter

Norskstøtta busetjing skal rivast

Ulovleg busetjing på Vestbreidda er bygd ut med milliongåver frå Norge.

Bilde 1 av 3

Bord med duk er sett fram. Pappkrus er fylte med brus. 10. april var ein varm vårdag i Alonei Shilo.

John Skåland er på nytt i busetjinga på den israelsk-okkuperte Vestbreidda med ei stor pengegåve frå Norge. Sjølv brukar Skåland konsekvent Judea og Samaria på området vest for Jordanelva, som blei innlemma i Israel i 1967 – og der delar i dag utgjer det palestinske sjølvstyreområdet.

Dagens blåblåe regjering er som den førre raudgrøne tydelege på kva Norge meiner om Israels framferd på Vestbreidda:

«Israelske myndigheter er (...) godt kjent med Norges holdning til Israels okkupasjon, og at vi mener den israelske bosettingspolitikken er i strid med folkeretten», skriv utanriksminister Børge Brende (H) i eit brev til Stortinget.

LES OGSÅ: Nekta Karmel skattefrie gåver

Støttespelarar

Dette overser John Skåland, leiar i den innsamlingssterke, norske stiftinga Karmel-Instituttet.

– Vi trur på landløfta i Bibelen. Der mange kristne i Norge søv, trur vi på profetiane som fortel kva land israelsfolket skal ha. Vi har mange i ryggen. 5.000 abonnerer på bladet vårt, Karmel Israel-Nytt, fortel Skåland.

Millionstøtte

Fram til 2012 var Karmel-Instituttet med i skattefrådragsordninga for gåver til frivillige organisasjonar (sjå eiga sak). Tal for Skatteetaten viser at i perioden 2010-2012 samla organisasjonen inn 1,8 millionar kroner til jødiske nybyggjarar. I 2013 svarte Karmel-gjevarar på utkastinga frå skattefrådragsordninga. Dei gav 1,3 millionar til busetjarar. 1 million gjekk til Alonei Shilo. I 2014 reiste Skåland ned med 500.000 kroner til ny skule. Pengane var ei gåve frå ein eldre gjevar.

Rivevarsel

10. april i år stod altså Skåland på nytt i Alonei Shilo. Endå ein gong las han tekstar frå Det gamle testamentet før nybyggjartalsmann Motti Isaak fekk ein god slump frå leiaren i Karmel-Instituttet, 200 tusenlappar. Endå eit hus kan reisast for å utvide busetjinga som blei etablert i 1999.

LES OGSÅ: Få ulovlege hus blei knust

Men det er usikkert kor lenge Alonei Shilo får stå. Busetjinga er stempla ulovleg – og skal dermed vekk. Nokre veker før aprilbesøket til Karmel-leiaren, kom israelske styresmakter til landsbyen med eit oppslag:

Alle hus skal rivast.

Planen

– Kvifor samlar norske Israels-vener inn pengar til husbygging, når riving trugar, Skåland?

– Det er no vi verkeleg må samle inn pengar, vi må stå på Israels side, vi må støtte Guds plan.

– Men kvifor støttar de ei busetjing som sjølv Israel seier er ulovleg oppført?

– Her er Israel pressa av USA, FN og verdssamfunnet, seier Skåland, og lovar fleire store gåver.

Pinsegåve

Dei 200.000 kronene som Skåland overleverte for tre veker sidan, kom frå pinseforsamlinga Betel på Vestfossen i Buskerud.

– Vi har samla inn pengar over år, vi har hatt dugnadar for å kunne gje ei skikkeleg gåve, fortel Rein Olav Berntzen. Pinseleiaren er glad dei klarte å samle inn så mykje som 200.000, og at gåva blir brukt til å reise nye hus.

Følg Vårt Land på Facebook og Twitter!

– Kristenfolket hadde lyst til å støtte Alonei Shilo. Israelsfolket skal bu i Judea og Samaria. Dette er det gamle bibelske landet, forklarar Berntzen.

– Men styresmaktene seier busetjinga er ulovleg?

– Dei må vel seie det for å ha noko å forhandle med PLO om, seier Berntzen.

Ber

– Israelske styresmakter har nyleg vore i Alonei Shilo med eit oppslag som fortel at husa skal rivast då dei er ulovleg oppsette - kvifor støttar de ei ulovleg busetjing?

– Vi ber til Gud om at Alonei Shilo må få vekse, for mange ønskjer å busetje seg her, seier Berntzen.

Karmel-leiar John Skåland er sikker i sak:

– Alonei Shilo blir ikkje riven.

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

VL anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter