Olivier Ndjimbi-Tshiende var fram til sundag sokneprest i Zorneding, ein liten by utanfor München i Tyskland. Men gudstenesta sundag fortalde han kyrkjelyden at han trekkjer seg, melder BBC. Forklaringa opprører kyrkjelyden:
Kongo-fødde Olivier Ndjimbi-Tshiende opplever seg så utsett for rasisme at han ikkje såg anna utveg enn å slutte.
LES ERLING RIMEHAUG: «Den nye nasjonalismen er mot det som kommer utenfra – mer enn den er for det som er vårt»
Trugslar
Presten fortel at han har fått drapstrugslar og ei rekkje personangrep som han opplever som rasistiske. Ndjimbi-Tshiende kom til Zorneding i 2012. I fjor blei ordskiftet mellom soknepresten og to lokale, konservative politikarar intenst då Ndjimbi-Tshiende kritiserte CSU-leiar Sylvia Boher for ordbruken i flyktningdebatten. Ho meinte regionen var utsett for ein «invasjon» av eritrearar.
Ndjimbi-Tshiendes refs av Boher mobiliserte ein annan CSU-politikar, som også gjekk til verbale, rasistiske åttak på presten.
Følg Vårt Land på Facebook og Twitter
Allierte
CSU, eller Christlich-Soziale Union, er alliert med forbundskanslar Angela Merkels CDU. Feiden med soknepresten har kosta dei to lokale CSU-politikarane postane i lokalpolitikken.
Erkebiskopen i München skal no finne ny jobb til Olivier Ndjimbi-Tshiende.