Å vere tenar

Vi kan alle vere tenarar på ulike måtar. Jesus viste oss korleis vi skal vera tenarar for Gud, skriv Ellen Nordtun.

av Ford Madox Brown 1821-1893.

Etter at bestemora mi var konfirmert i 1914, reiste ho til Bergen for «å tena», som ho sjølv kalla det. Dette betydde å vera tenestejente hos ein familie, slik det var vanleg for det store fleirtalet av unge jenter på den tida. Var du konfirmert, var du vaksen og måtte syta for deg sjølv. Sett med våre augo, var rolla som tenestejente lite attraktiv, mykje jobb både tidleg og seint, mot eit magert utbytte. Du måtte ta dei oppgåvene som blei pålagde deg, og hadde lite høve til å påverke arbeidsvilkåra.

For meg som er født i 1965, vart livet og høve til å gjera sjølvstendige val heilt annleis. Eg fekk ta universitetsutdanning og hadde eit heilt anna utgangspunkt for kva val eg kunne gjere, enn det bestemor hadde.

I dagens bibelord framhevar Jesus tenarrollen som eit førebilete: «Men eg er midt iblant dykk som ein tenar.» (Luk 22,27).

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP