Nyheter

Bondens nye venner

Nå kjem «gardenistaene» og fyller sosiale medie med hagebilde.

Det er muleg at eg vinn eit drivhus. «Send sms DRIVHUS» til eit firesifra telefonnummer var alt som skulle til for å bli med i hagesenteret si trekning. Og seia ja til tilbods-spam, så klart, men det er det verdt. Drivhuset er ein del av Den store hagedraumen. I draumen min er hagestilen heilt unik, og likevel akkurat slik du har sett han i livsstilsmagasin eller på Instagram.

For draumen er langt frå unik, nå sprett den norske hageinteressa meir enn eit bjørketre i mai. I fjor viste ei britisk undersøkjing at unge mellom 25 og 35 år brukar gjennomsnittleg 12-15 timar på hagearbeid kvar månad. The Telegraph konkluderte med at unge vaksne like gjerne steller tomater, som at dei er på Twitter.

Gardenistaene

Som om det var ein motsetnad. «Fashionistaene», dei unge kvinnene som pregar internettet med moteinteressa si, har nemleg fått konkurranse. Nå kjem «gardenistaene» og fyller sosiale medie med hagebilde: Spirene i vindaugskarmen. Ein spade med eikehandtak mellom gule og blå vårblomar. Eigaren sine tresko-tuppar ved urtebedet.

Det er ikkje rhododendron og formklipt tuja som har slik ei dragande makt på oss som oppdagar hagegleda nå. Det er gulrøter i blomsterbedet, kvitløk mellom jordbæra og rufsete «sovesveis-hagar». Alt handlar om å dyrka det sjølv. Forrige helg bytta over 700 småplanter eigar på Grünerløkka, då nettverket Majobo (Mat og jord der du bor) arrangerte plantebytting. Helene Gallis i Majobo har nettopp skrive handboka Dyrk byen! som viser korleis byfolk i Skandinavia skapar sine eigne oasar i asfaltørkenen. Denne dyrkinga fører til sterkare fellesskap, både på tvers av etnisitet og sosiale klassar. Og ikkje minst: Hagearbeid gir datamaskinistane skitne negler, låge skuldrer og djupare innpust.

Sjølvberga

Kanskje ligg ønskjet om sjølvberging ein stad inne i oss alle. Urmennesket er jo ein større del av oss enn me hugsar på, der me tomlar nedover telefonskjermen. Til og med kollegaen min, med doktorgrad og fleire timar bak skrivebordet enn dei fleste, drøymer om eit småbruk. Kona hans, som også har doktorgrad, gjer det ikkje. Ho har nemleg vakse opp på gard sjølv. Då har ein sett nokre landbruksoppgjer og regelverks-endringar på nært hald. Og lange, lange arbeidsdagar.

Stadig færre vil vera «vanlege» bønder. Det er verken pengar eller prestisje i å dyrka maten som held oss i live. Men Majobo meiner likevel at bybonden er den profesjonelle bonden sin beste venn. Når vanlege folk ser kor mykje tid, omsorg og arbeid det trengst før ein står der med ein agurk, oppdagar dei det sjølv: Økologisk mat er billeg. Konvensjonelt dyrka mat er urovekkjande billeg.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Me snakkar om «mat-empati». Å dyrka sjølv gir folk ei djupare forståing av kor maten kjem frå og kor ressurskrevjande dyrking er. Mat-empatiske menneske får annleis handlemønster, dei kjøper meir lokalprodusert, sesongbasert og økologisk mat. Og ikkje minst: Dei kastar mindre. For kvifor skal ei drivhus-tomat frå butikken vera mindre verdt enn di eiga balkongtomat?

Dessutan blir det uaktuelt å sprøyta sine eigne grønsaker med gift. Då droppar ein gjerne innkjørselen også, sidan sprøytemiddel ikkje ligg fint i ro når regnet kjem. Kanskje kan sjølvdyrkings-bølga føra til Det store hagebruksoppgjeret, der det blir skikkeleg flaut å bli sett med Roundup-sprøyta uansett om du har balkonghage på Grünerløkka eller formklipt tuja og plentraktor ein stad utanfor Ring 3.

Det er muleg at eg ikkje vinn det drivhuset. Det er ikkje sikkert eg får gjort så mykje ut av den hagedraumen i år heller. Men eg skal i det minste halda det giftfritt her. Og kanskje kyssa ei tomat før ho hamnar på brødskiva.

Ann Kristin van Zijp Nilsen er kommunikasjonsleiar i Areopagos og redaktør for magasinet Tørst.

Innlegget stod først på trykk i Vårt Land, 9. mai 2015.

Les mer om mer disse temaene:

Ann Kristin van Zijp Nilsen

Ann Kristin van Zijp Nilsen

Vårt Land anbefaler

1

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter