Jødehat som suvenirar

På marknaden i Krakow kan turistane kjøpe 
jødekarikaturar som suvenirar. Det er framleis grunn 
til å ta antisemittismen i Europa på djupaste alvor.

Utstillinga «Folkemord som suvenir?» opnar i Trondhjems Kunstforening neste helg, i samband med Jødisk Kulturfestival Trondheim. Her får vi mellom anna sjå dei stigmatiserande trefigurane som i dag 
florerer på marknaden i den polske byen Krakow.
Publisert Sist oppdatert

Neste helg blir den euro­peiske jødiske kulturdagen markert over heile Europa. Situasjonen for europeiske jødar er langt ifrå trygg og avklart. Tvert om har forskarar påpeikt at jøde­hatet veks i økonomiske nedgangstider. Aukande arbeidsløyse og fallande børsar kan gi grobotn for antisemittisme.

På marknaden i den polske byen Krakow, ikkje langt frå konsentrasjonsleiren Auschwitz, finst det i dag døme på stigmatisering av jødar som kan minne om det jødane blei utsette for gjennom den nazistiske propagandaen på 1930-talet. Der kan turistane nemleg kjøpe karikerte jødefigurar i tre, gjerne framstilt som pengepugarar.

Seigliva myte

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP