Nyheter

Gjer bedehuset trendy igjen

På Skjærgårds står stemninga i taket når basaren vert sett i gong. Men det er litt ironisk også.

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

RISØYA: «Han er min sang og min 
gle-e-e-de! Han er min Herre og 
Gu-u-u-d!»

Den gamle bedehussongen ristar teltduken i eit av dei store telta på Skjærgårds Music & Mission Festival. Teltet har fått namnet Bedehuset og over 250 ungdommar har stimla saman for å kjøpe lodd og bli underhaldt av rappkjefta møteleiarar.

Interiøret er som henta frå eit kvitt, verslitt bedehus på Vestlandet. Dukane på borda er raudruta, veggane har plakatar med bibelvers skrive med rettskriving i snirklete skrifttype. På eit bilde er ein mild og alvorleg Jesus.

Men stemninga er alt anna enn alvorleg.

LES MER: Skjærgårds set overgrep på dagsorden

Ironisk

«Er de klare for basar?­» brølar møteleiarane til ellevill jubel etter at ein av dei har tatt stagedive til Metallica-riff.

Renate Moen er med som 
arrangør og fortel at showet er mest populært blant dei eldste på Skjærgårds, sidan desse kjenner best til bedehuskulturen.

– Vi tek dei gamle bedehus-tradisjonane og smell det inn i teltet her på Skjærgårds. Stemninga blir ganske unik, seier ho.

– Er opplegget ironisk meint?

– Det er nok litt ironisk.

– Også når de syng gamle 
bedehussongar?

– Ja, no på kvelden er det ganske ironisk, men vi er samtidig klare på kvifor vi syng dei også.

LES MER: Festival viste omstridd himmelfilm på festival

Stor kontrast

Ho fortel at dei på morgonen har eit opplegg med bønn og lovsong.

– Då er det rett og slett som eit vanleg bedehus. Men på kvelden er det meir eit show.

Lars Ove Aarstad (16) og 
Ruben Friestad Bergseth (20) 
er oppvaksne med basar på 
bedehuset på Klepp på Jæren.

– Kontrasten frå eit vanleg 
bedehus er ganske stor, men det kan likne litt på basarane vi har med ungdomsforeininga, seier Friestad Bergseth.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Sosialt

Festivalsjef Jarle Storebø fortel at dei sosiale treffpunkta og tilboda, slik som i 
Bedehuset, truleg er det viktigaste for deltakarane på Skjærgårds.

– Det er andre faktorar enn artistar som gjer festivalen 
populær, spesielt det sosiale, seier han.

Dei siste åra har dei difor prioritert å auke kapasiteten på sosiale­ møteplassar. Å auke 
komforten med tilgang på 
straum og å bytte dei gamle 
festivaltoaletta med vass-
klossett, har også vore viktig, fortel sjefen.

Størst?

I 2010 hadde festivalen ein deltakartopp med 20.000 selte dagsbillettar. I fjor var talet 15.000.

– Har festivalen blitt mindre populær?

– Talet på deltakarar har gått litt ned, men det er ikkje så lett å seie kvifor. Været har for eksempel stor innflytelse på det totalte­ billettsalet. Toppåra rundt 2010 så trakk artistar som Kirk Franklin og Andraé Crouch mange deltakarar til helga, seier Storebø.

Ung landsmøte (UL), som blir arrangert av Norsk Luthersk Misjonssamband Ung og Indremisjonsforbundet Ung, har dei siste åra vekse som festival.

– Kva tenker du om at UL 
truleg pustar dykk i nakken?

– Det bryr meg ikkje så veldig. UL er ingen konkurrent, og det dei steller i stand er kjempe-
bra. Det fungerer ikkje slik at dersom UL samlar færre, så blir vi større.

Festivalsjefen fortel at dei samarbeider med UL, gjennom at Skjærgårds sin bookingansvarleg skaffar UL artistar.

– Vi er i same båtlag. Det er fint dersom UL når ungdommar som vi ikkje når, seier Storebø.

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter