Nyheter

Politiet jaktar Oase-talar

Japansk kristenleiar blir skulda for hærverk på tempel. Oase brukar likevel mannen som trekkplaster til sommarstemnet.

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

Mange japanarar er i harnisk over at Masahide Kanayama skal ha utført det dei kallar vandalisme på fleire tempel.

– Det er ei provoserande handling dersom Kanayama har gjort dette. Japanske kristne fryktar at japanarar elles skal bli meir skeptiske til dei, seier japan­misjonær Ivan Fjeld.

– Denne saka har absolutt ingen­ ting å seie for oss. For oss er dette ei ikkje-sak, seier Gjermund Eikli. Han er styreleiar for den kristne fornyingsrørsla Oase. Kvar sommar arrangerer dei eit av landets største kristenstemne, og i år skal Kanayama stå på ­talarstolen.

LES MER: Omstridt evangelist invitert til Oase

Viktige tempel

Japanske tempel har ein sterk posisjon i ­japanarar sin identitet og historie. Mange ber borna sine til tempelet for å velsigne dei, i tillegg til å gifte seg i templa og delta i andre ritual.

Japansk politi sende i byrjinga av månaden ut arrestordre på kristenleiaren. Dei hevdar han har skvetta olje på veggen til eit tempel, noko som har etterlete mørke merker på veggen. ­Japanaren er fanga opp av overvakingskamera i nærleiken av tempelet og eit par vitne skal ha sett handlinga.

Det er i tillegg funne oljeflekkar på mange andre tempel spreidd rundt i Japan. Nokre av dei står på UNESCOs verdsarvliste. Politiet undersøker om Kanayama er involvert, ifølgje japansk media.

LES MER: Uønsket i kirken hun selv var med på å starte

– Har forklart

Oase-leiinga har kontakta Kanayama. Han har forklart at han ikkje kjenner seg igjen i mediasakene.

– Når Kanayama ber for folk og stader, har han med ei lita flaske med olje. Med oljen teiknar han eit lite kors, det kan vere på folk han ber for eller på bygningar, seier styreleiar i Oase, Gjermund Eikli.

Japanaren bekreftar overfor Oase å ha teikna kors på fleire tempel.

– Det skal ikkje ha etterlete seg noko synleg merke. Dei stadene der templa har vore tilgrisa, har det vore slik før Kanayama kom dit, seier Eikli.

Oase stolar på forklaringa hans. Han er framleis velkomen som talar.

– Vi er trygge på at saka blir ute av verda når Kanayama får snakka med politiet.

Men Oase veit ikkje om den ­japanaren har vore i kontakt med politiet. Kvar han oppheld seg no veit dei heller ikkje. Til vanleg jobbar han som lege i New York.

– Synes Oase det er greitt å teikne kors på tempel tilhøyrande ein anna religion?

– Eg veit ikkje eksakt korleis dette har gått føre seg. Men eg ser ikkje at å teikne eit kors med usynleg olje skal vere problematisk. Dersom det blei teikna eit synleg kors, hadde det sjølvsagt vore problematisk, seier Eikli.

Følg oss på Facebook og Twitter!

– Ille

– Dette ligg djupt i ­japansk historie og identitet, så å skvette olje på templa i ein framand religions namn set kjenslene i sving, seier japanmisjonær Ivan Fjeld som arbeider for Det Norske Misjonsselskap.

Første juni vart saka omtalt i fleire store aviser i Japan, i tillegg til at den største fjernsynskanalen Japan Broadcasting Corporation (NHK) sendte eit langt innslag.

Japanarar flest reagerer på dette, og er einige med politiet i at dette er hærverk, sjølv om det «berre» er snakk om nokre oljeflekkar på veggane, seier Fjeld.

– Kristne synes dette er ille ­sidan Kanayama blir omtalt som pastor. Fleire har sendt ut åtvaringar til kyrkjer mot å ha noko med Kanayama. Dersom deira kyrkje blir knytt til Kanayama i pressa, så skadar dette ryktet deira, seier misjonæren.

LES MER: Brudd mellom søsterkirker

– Provoserande

– Er det korttenkt av Kanayama dersom han har salva fleire tempel med olje?

– Ja, det er det. Han meiner at desse åndsmaktene som japanarar tilber er årsaka til at kristendommen har fått lite fotfeste i nasjonen. Han trur det er hans kall å kjempe mot desse, men måten han gjer det på er provoserande.

Vårt Land har ikkje lukkast med å få Kanayama i tale.

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter