Nyheter

Vaksineskeptikaren som endra meining

Tine Jarmila Sir valde å ikkje vaksinere dottera si, Amanda (7). No angrar ho.

– Kvifor ville du ikkje vaksinere dottera di?

– Eg var veldig skeptisk til ingrediensane i vaksiner, som til dømes kvikksølv. Men eg las amerikanske rapportar, og den forskinga stemmer ikkje overeins med norske forhold. Det har jo ikkje vore organisk kvikksølv i vaksiner i Noreg sidan 1997, det veit eg no. Men eg var redd for biverknadar, og eg trudde vel at vaksiner kunne gjere større skade enn nytte.

LES OGSÅ: – Dekningen er faretruende lav

– Kvifor endra du meining?

– Det var inga konkret hending. Eg har alltid følgt med på debatten. No kjem meslingar og kikhoste nærare og nærare, sjukdomar som tidlegare har vore langt vekke. Talet på smitta stig her heime, og det er færre som vaksinerer borna sine. Eg tenkte at eg ikkje kunne belage meg på at alle andre vaksinerte ungane sine slik at mi dotter slapp. Eg innsåg at eg hadde tatt heilt feil.

– Kvifor valde du å engasjere deg i debatten ved å skrive ein kronikk?

– Eg sto faktisk ved kjøkkenbenken dagen etter at dottera mi hadde fått si første vaksine. Ho klaga over at ho hadde litt vondt i arma. Då skreiv eg ein liten lapp til henne. Så bestemte eg meg for å sende den inn til Aftenposten. Eg tenkte at andre kanskje kan finne på å snu, dersom eg fortel mi historie. Eg har aldri gjort noko sånt før.

Følg oss på Facebook og Twitter!

– Kva reaksjonar har du fått?

– Det har tatt heilt av i kommentarfelta. Eg har vore på TV 2-nyheitene. Og fredag sto kronikken i både VG og Aftenposten. Den har blitt delt 12.000 gongar på sosiale media. Og det er stort sett positive reaksjonar eg har fått, det er eg glad for.

– Kva meiner du om dei som framleis nektar å vaksinere borna sine?

– Eg trur at alle vil det beste for sine barn, men det er ikkje farleg å snu. Det kortet vaksinemotstandarane sit att med no, er svineinfluensavaksinen, der det blei påvist ein samanheng mellom den og narkolepsi. Men det var ein krisesituasjon. Så det kortet er litt svakt. Dei må ikkje vere så bastante. Dei må kjenne på eige samvit. Dei må ikkje vere så dumme som eg var.

LES OGSÅ: Tror mesling-smitte er fra Gud

– Når gjorde du sist noko for første gong?

– Eg hadde eit to timars bokbad om debutromanen min, «Jeg tror bestemor lå med Frank Zappa».

– Kva er heilagt for deg?

- Litteraturen, vinyl og ytringsfridom.

– Kva ber du om tilgjeving for?

- I denne samanhengen ber eg dottera mi om tilgjeving. Elles ber eg om tilgjeving for dei gongane eg ikkje har sett at nokon har trengt meg.

– Kva er det raraste du har høyrt om deg sjølv?

- At eg er ein engsteleg pensjonistsjel. Siterer forleggar og venn, Vidar Kvalshaug, på denne.

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter