Flyttar misjonærar frå konflikt
I november braut japansk kyrkje og norske misjonærar samarbeidet. No skal dei ikkje lenger bu i same region.
Leiar i Frikyrkja, Jarle Skullerud, vil ikkje svare på om han i Japan møtte leiinga i tidligare samarbeidspartnar Kinki Evangelical Lutheran Church.
Bård Bøe
– I byen Nagoya har vi funne ein god stad misjonærane våre kan vere. Dette er ikkje ei varig løysing, men for å forsøke å rydde opp i brotet med den japanske Kinki-kyrkja, seier leiar i Frikyrkja, Jarle Skullerud.
Partane har jobba saman i 64 år for å spreie den kristne bodskapen til det japanske folk, men to forhandlingsmøte i november enda med at Frikyrkja sine misjonærar fekk beskjed om at dei ikkje lenger er ønska i den japanske kyrkja. No flyttar også den norske misjonsorganisasjonen sine fem misjonærar vekk frå Kinki-kyrkja sitt geografiske nedslagsfelt, skriv Budbæreren. Fram til no dei budd i Mie fylke, det er omtrent åtte mil til dei nye bustadane deira i Nagoya by.
Skullerud, misjonsleiar Terje Bjørkås og Ole-Johnny Møyholm kom i går tilbake frå reise i det asiatiske landet. Formålet var å drøfte situasjonen med Frikyrkja sine misjonærar som jobbar der, etter at organisasjonen opplevde eit opprivande samarbeidsbrot med japanske Kinki Evangelical Lutheran Church i november.
Bestill abonnement her
KJØP