Nyheter

Pokerpengar frå NM til skatte­paradis

Foreiningane for blodkreftsjuke, svultspasientar og døve ønskjer å arrangere Norges første poker-NM. Men arrangørpengar hamnar i skatteparadis.

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

– Akkurat det er ikkje ein hyggjeleg tanke, vedgår generalsekretær Bjørn A. Kristiansen i Norges døveforbund.

– Dette burde ikkje Kulturdepartementet lagt opp til, og dette­ burde ikkje organisasjonane søkt om å få vere med på, seier Sigrid Klæboe Jacobsen i ­skattevaktbikkja Tax Justice Network – Norge, og held fram:

– Dei støttar opp om løyndomsindustrien i skatteparadis – ein industri som tek frå både rike og fattige land. Bruken av skatteparadis fører til at færre skattekroner kjem inn til det ­offentlege. Inntekter som til dømes trengs til forsking på kreft.

Følg oss på Facebook og Twitter!

4. oktober 2014 var ein merkedag for kulturminister Thorhild Widvey (H) og Framstegspartiet. Dei blåblå vedtok at det endeleg skulle vere lovleg å spele poker i Norge:

– Fram til i dag har poker-NM blitt arrangert i utlandet. I framtida kan dette meisterskapet bli arrangert i Norge, sa statsråden som forvaltar lotterilova.

LES OGSÅ: Poker med mye i potten

No er framtida her. Tre organisasjonar meiner dei oppfyller Kulturdepartementets vilkår for å få arrangere poker-NM: Er ein nasjonal, samfunnsnyttig eller humanitær organisasjon som har få eller ingen inntekter frå norske lotteri eller pengespel – i alle høve ikkje over 200.000 kroner årleg.

Blodkreftforeningen, Hjernesvulstforeningen og Norges døve­forbund er freista av kulturminister Widveys tilbod om ein pokerpott på maksimum 50 millionar kroner. No vurderer Lotteritilsynet deira søknader om å få statleg lisens til å ­arrangere norgesmeisterskapet i poker i åra 2015-2017.

– Ved å arrangere poker kan døve få delta på same arena som høyrande, noko som er viktig for oss. Inntektene påverka oss også til å søkje, fortel Kristiansen i ­Døveforbundet

5.000 spelarar

Då pokerforskrifta var på høyring, kom det sterke innvendingar. Poker gjer folk avhengige av pengespel, sa mellom anna Actis og viste til statistikk frå Hjelpelinjen. Dit ringjer mange med pokerproblem.

Innvendingane blei avvist. No har departementet laga eit pokerspel med desse spelereglane:

• Maks 5.000 deltakarar i poker-NM.

• Maks 10.000 kroner i deltakaravgift.

– I starten kjem bruttoomsetjinga til å bli mindre enn 50 millionar, trur Kristiansen i Døveforbundet.

LES OGSÅ: Widvey tillater hjemme-poker

50 millionar

Med maksimum 50 millionar i potten har dei blåblå laga denne fordelingsnøkkelen:

• Hovudgevinsten i norgesmeisterskapet skal vere på maksimum 2 millionar kroner.

• Minimum fem prosent – eller 2,5 millionar kroner – skal gå til inntekt for arrangørorganisasjonen.

• Inntil ti prosent av potten – eller 5 millionar kroner – kan gå til selskapet som blir leigt inn for å stå for den praktiske gjennomføringa av poker-NM. For staten legg opp til at profesjonelle pokerselskap, som Lotteritilsynet godkjenner, skal vere såkalla entreprenør for arrangøren.

• Resten av deltakaravgifta skal «danne grunnlaget for gevinstutbetalingene» i fem regionale kvalifiseringsrundar og i sluttspelrunden i poker-NM.

Adresse i skatteparadis

Det er desse reglane som gjer at pokerpengar frå Norge endar opp i skatteparadis. For både Blodkreftforeningen, Hjernesvulstforeningen og Norges døveforbund har knytt til seg det same pokerselskapet, Global Poker Tours, som presenterer seg slik på heimesida:

«Global Poker Tours er eit fullservice pokerproduksjonsselskap som utviklar, organiserer og produserer verdas mest prestisjetunge pokerturneringar».

LES OGSÅ: Sandberg: – Poker er en prestasjonsidrett

Spelselskapet har adresse i ­Irskesjøen, i skatteparadiset Isle of Man. Dette er ei øy som tilhøyrer Storbritannia, men som har særs gunstige skattevilkår:

– Gamblingindustrien vel Isle of Man og liknande skatteparadis fordi skattetrykket er svært lågt, og innsynet i selskapa som er registrerte slike stadar er svak, seier Klæboe Jacobsen i Tax Justice Network – Norge.

Gode utsikter

I Døveforbundet er dei «merksame på problemstillinga»:

– Global Poker Tours fortel oss at dei første åra vil dei ikkje tene mykje på pokermeisterskapet, så det blir nok ikkje store summar som går til Isle of Man, seier Kristiansen.

– Men ambisjonen til selskapet er vel å tene pengar på ­pokerspelinga?

– Ja, naturlegvis.

Generalsekretæren vedgår at «akkurat det er ikkje ein hyggjeleg tanke». Men, forklarar han, utsiktene til at døve kan få ein ny arena å delta på, og at det kan bli gode inntekter til døvearbeidet gjer at dei ønskjer å få arrangere poker-NM.

– Skape entusiasme

Global Poker Tours seier dei vil bruke tid på å tene pengar på å arrangere poker-NM for frivillige organisasjonar i Norge.

– Oppstartsutgiftene første år vil vere så høge at vi ikkje budsjetterer med å tene pengar, seier Thomas Udness, pokerselskapets talsmann i Norge

– Kva med år to og tre?

– Truleg vil inntektene vere små også år to og tre.

– Men de ønskjer å organisere poker-NM for å tene pengar?

– Ja, men vel så viktig er å rekruttere spelarar som kan vere med i dei store internasjonale turneringane vi organiserer verda rundt.

– Kulturdepartementet legg opp til maksimum 5.000 deltakarar – blir det så mange?

– I starten blir det nok ikkje så mange. Då poker-NM blei arrangert i Irland i fjor, reiste 1.200 nordmenn over for å spele, så dette gjev ein peikepinn på interessa.

LES OGSÅ: Quo Vadis, KrF?

– Global Poker Tours har skatteadresse på Isle of Man, kvifor?

– Her har vi eit godt samarbeid med øyas styresmakter.

– Kor viktig er det at skattetrykket på Isle of Man er lågt?

– Det er ikkje opp til meg å kommentere.

– Tax Justice Network - Norge kritiserer både Kulturdepartementet og organisasjonane som søkjer poker-NM for å vere med å støtte opp om bruken av skatteparadis – kva seier du til kritikken?

– At det viktigaste for oss dei første åra med poker-NM i Norge er ikkje å tene pengar på arrangementa, men å skape­ entusiasme om lovelege poker­spel i Norge, seier Udness.

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter