Nyheter

Ber frikyrkjene droppe vigslar

Pastorar fryktar homostrid og vil ha vigslane ut av kyrkja. – Feil løysing, svarer biskop.

Få nyhetsbrev fra Vårt Land. Meld deg på her!

«Det som er så tragisk er at de mennesker vi ønsker å vinne for evangeliet, opplever en kirke der homofilisaken overstyrer alle andre saker», skriv Sten Sørensen i Baptistkyrkja og Gunnar Jeppestøl i Pinserørsla om forholda i Den norske kyrkja.

Deretter konkluderar dei to ­toneangivande pastorane i Frikyrkje-Norge med følgjande løysing: «Etter vårt syn er det bare en farbar vei og det er at kirken frasier seg vigselsretten».

– Interessant innspel, svarer leiarpastor.

Kan vere eit grep, svarer ­­generalsekretær.

LES OGSÅ: Spår at KrF vil snu i homo-saken

Men biskopen i Metodistkyrkja meiner forslaget er bom.

– Eg meiner at dei ikkje har rett. Dette vil ikkje løyse spenninga rundt likekjønna ekteskap i det frikyrkjelege Norge, seier Christian Alsted.

Han deler ikkje synet til Sten Sørensen og Gunnar Jeppestøl om at skroting av vigselsretten kan demme opp mot ein kamp om ­ekteskapet i Frikyrkje-Norge.

«Den (kampen, red.anm.) kan komme for fullt til Frikirke-Norge om noen år. Derfor er det viktig med gode kjøreregler der kirken får være opptatt av å være kirke med forkynnelse av evangleliet kombinert med omsorg for de nødlidende», skriv pastorane på debattsidene i dagens Vårt Land.

Mot isolering

– Kyrkja kan ikkje isolere seg frå denne utfordringa, sidan den også kjem frå våre eigne rekker. Vi har både kyrkjemedlemmer og prestar som har forskjellige meiningar om dette, seier metodistbiskop Christian Alsted.

Han ser ingen grunn til å ta opp saka i Metodistkyrkja så lenge staten ikkje tvingar kyrkjesamfunna til å utføre likekjønna vigslar.

– Kyrkja vil derimot miste kontakt med veldig mange dersom vi seier frå oss den kyrkjeleg vigselen, seier biskopen.

Generalsekretær i Misjonsforbundet, Øyvind Haraldseid, meiner at pastorane Sørensen og Jeppestøl har mykje rett.

LES OGSÅ: Benestad rykker ut mot alternative valglister

Positiv

– Frykta er til stade for at styresmaktene skal tvinge kyrkjesamfunna til å definere ekteskapet slik som staten. Dersom det skulle skje, må vi vere førebudd til å gje frå oss vigselsretten. Difor kan det vere lurt å vere føre var og gi den frå oss allereie no, seier generalsekretæren.

Men førebels er dette ikkje noko tema i Misjonsforbundet, bortsett frå at det har blitt diskutert i uformelle samanhengar, fortel Haraldseid.

– Kan det å seie frå seg vigselsretten sikre ro i Frikyrkje-Norge til å bruke kreftene på andre saker?

– Det kan vere eit grep. Men fram til i dag har det vore eit privilegium å kunne tilby vigsel. Men vi må sjå på om kostnadane blir større enn godane.

– Kva taper de ved å miste vigselsretten?

– Ikkje så mykje. Eg trur folk i våre samanhengar uansett vil kome til oss for ein seremoni sjølv om dei måtte registrert seg hos sorenskrivaren først.

LES OGSÅ: Prester får velsigne homofile i rådhus

Andreas Hegertun som er presse­kontakt i Pinserørsla, lyttar positivt til forslaget.

– Innspelet er interessant.

Han er sjølv er pastor og har vigsla mange par.

– Til no har eg med frimod teke på meg rolla med å vigsle, men vi bør tenke over kor vegen bør gå vidare, legg han til.

– Har Sørensen og Jeppestøl rett i at å droppe vigselsretten vil sikre ro i Frikyrkje-Norge frå den omstridde ekteskapssaka?

– Eg deler intensjonen om at kyrkja bør bruke kreftene på sine hovudoppgåver, men om dette er den konkrete løysinga, treng eg meir tid til å tenke på.

Følg oss på Facebook og Twitter!

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter