Ber kongen ta opp drap på journalist

Flyktningar i Norge har ei bøn til kong Harald: Ta opp brot på menneskerettar med Myanmars president.

- Så lenge dette ikkje blir endra seier vi at tida er ikkje inne for store, norske investeringar i Burma, meiner Myint Aye Aung
Publisert Sist oppdatert

– Reformene har stoppa opp. No må Norge leggje press på regimet. Kampen for demokrati er i ein kritisk fase, seier Myint Aye Aung.

Måndag kjem kong Harald og dronning Sonja til Myanmar. Statsbesøket skal understreke dei tette banda mellom Norge og regimet i Myanmar som er utvikla sidan Thein Sein blei president i 2011 og opna for politiske og økonomiske reformer.

Men mange burmesiske flyktningar her i landet er kritiske til Myanmar-politikken Norge fører. Difor har dei sendt eit brev til kong Harald der dei ber han om å ta opp ei viktig sak under statsbesøket:

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP