Nyheter

Enkle val

Det verkar som eit enkelt val israelsfolket vert sett på: Det gode eller det vonde. Livet eller døden. Velsigninga eller forbanninga, skriv Vigdis Berland Øystese.

Likevel viser soga om israelsfolket slik ho vert fortalt i Det gamle testamente, at valet var langt frå enkelt når det skulle omsetjast i praksis.

Det var så mange val undervegs. Så mange freistingar, så mykje som lokka, så mykje som kunne prøvast. Og så gløymde folket løftet dei hadde gitt Gud, det store, opplagte valet dei hadde teke ein gong. Dei mange vala spora dei av frå det store. Eller var det kanskje slik at valet ikkje var så opplagt likevel? Det som Gud kalla liv og velsigning, hadde ikkje det vist seg å vera temmeleg slitsamt mange gonger? Folket skulda Moses for å ha ført dei ut i ørkenen for å døy, og heller ikkje her, framfor Jordan, var tanken på døden framand. Og alt det som Moses kalla død og forderving; alt det som folka omkring dei dreiv med, det var då ganske festleg, var det ikkje? Det var eit «syndig spetakkel», var det, spennande og tillokkande. Slik var det for den bortkomne sonen også. Å dra ut, det var sjølve livet, tenkte han. Og så tok han arven med seg og øydde han på lystige utskeiingar før at han oppdaga at det festlege livet ikkje kunne vara lenger enn pengane rakk.

Vi kan kjenna oss att. Dei mange små vala som leier merksemda bort frå dei store. Og usemja om kva som er «livet». Det moderne mennesket er ofte usamd med Gud om kva som kan kallast godt og vondt i ei rekkje spørsmål. Dei fleste bryr seg truleg ikkje om kva Gud meiner i det heile. Både Gud og vala hans er avskrivne som døde og makteslause.

Men dersom vi trur at Gud har skapt oss og gitt oss høve til å velja, blir det viktig for oss å velja livet og det gode. Både i det store og i det små, slik at vi ikkje rotar oss bort frå velsigninga.

Så ligg også Det nye testamente på bordet framfor oss og fortel om Han som er porten inn til livet, ja, Livet sjølv. Det er det store valet vi står framfor, om vi vel Han.

Vigdis Berland Øystese er førstelektor ved NLA Høgskolen, Bergen

Les mer om mer disse temaene:

Vårt Land anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Les dagens papirutgave

e-avisen

Mer fra: Nyheter