Den norske kyrka skal få store inntekter frå småkraftverk. I Telemarks-bygd skaper kraftselskapet til kyrkjefond opprivande strid.
I dag renn det mykje vatn i Hommefossen i Lårdalsåi. Får falleigarlaget ja til å byggje småkraftverk i elva, blir det langt mindre buldring i fossen. Ein av grunneigarane i Eik falleigarlag er opplysningsvesenets fond. Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) skal seie ja eller nei til prosjektet i løpet av eit halvår. ( Privat)