Lauget til verdas hårtransplantasjonkirurgar melder om gode tider i den delen av verda som er sterkt heimsøkt av krig og rykte om krig.
Medan talet på skjeggtransplantasjonar berre har stege med ti prosent på verdsbasis i åra 2010-2012, har talet på slike transplantasjonar stege med heile 260 prosent i Midtausten i same periode, melder dansk TV2.
Profeten krev
Marknadsanalysen kjem frå The International Society of Hair Restoration Surgery (ISHRS). Presidenten i lauget, italienske Vincenzo Gambino, seier det slik:
– Hår er universelt sett på som eit symbol på ungdom og vitalitet.
Skjegga som blir transplanterte skal vere kraftige, tette og lange. Det vanlegaste skal vere å flytte hårrøter frå nakken til andletet. Fullskjegg er mest etterspurt i Midtausten, ifølgje ISHRS. I fleire internasjonale medier blir det spekulert om den sterkt veksande etterspurnaden i Midtausten etter mykje hår i andletet, er eit uttrykk for ønskje om å etterleve profetens bod om å la skjegget vekse – sjølv om ein må ty til kosmetiske inngrep.
LES OGSÅ: Tilbake til hårrøttene
Strid om lengde
Imam Waseem Hussain barberer den teorien vekk med eit kjapt klypp:
– Det er eit grunnleggjande forbod i islam mot inngrep som ikkje tener eit medisinsk formål, seier han til tv2.dk.
Ein rettruande muslim skal difor ikkje ty til kosmetiske inngrep, men vere nøgd med den hårveksten han har. Men imamen er sikker i ei sak:
Ei rettruande muslim bør la skjegget vekse - det er alle samde om. Men lengda på skjegget, ja, det er det strid om.
Lauget til hårtransplantasjonkirurgane fortel at det er ei anna gruppe i Midtausten som etterspør solid hårpryd i andletet:
Ortodokse jødar i Israel kjøper også solide skjegg på kosmetiske salongar
Draumekunden
Då The International Society of Hair Restoration Surgery spurde medlemmane om kven var den personen som dei gjerne skulle lagt under kniven for å fikse hårpryden på, var svaret eintydig:
Storbritannias arveprins William.
Kirurgane ville ikkje gje han skjegg, men meir hår på toppen av hovudet.