Ser ein ny moralgenerasjon
Norske ungdomsleiarar kjenner igjen trenden som viser at unge i rike land meiner at gudstru ikkje er viktig for å ha god moral.
Også norske kristne ungdomsleiarar ser at trua ikkje lenger er referansepunkt for moralen. – Unge plukkar og vel det som dei likar frå informasjonsstraumen som dei lever i. Vi veit frå andre undersøkingar at svært få meiner religiøse bøker er relevant for kva som er rett og gale, seier leiar i Norsk Luthersk Misjonssamband Ung, Hans Kristian Skaar. Biletet er frå organisasjonens største sommararrangement UL, i 2012.
Jan Inge Haga/arkiv
Er gudstrua viktig for moralen? Eldre seier ja, med an unge, særleg i rike land, seier nei. Det viser ei ny undersøking frå Pew Research som papiravisa til Vårt Land omtalar mandag. Leiarar for kristen ungdom er ikkje overraska.
– Også blant unge i Norge er det langt færre unge enn eldre som koplar gudstru til god moral, seier leiar i Norsk Luthersk Misjonssamband Ung, Hans Kristian Skaar.
– Mange av våre ungdommar i KFUK-KFUM vil ikkje nødvendigvis knytte god moral til gudstru. Men dei er nok meir prega av kristne verdiar enn kva dei er bevisst på, seier programsjef Kristian Knapstad.
Bestill abonnement her
KJØP