Nyheter

Få soldatar ba om kyrkjefritak

Før jul sender Forsvaret alle soldatane på gudsteneste. Få muslimar ber om fritak for kyrkjeparade.

I dag kom Norges øvstkommanderande, kongen, til den tradisjonelle kyrkjeparaden for Garden i Oslo domkyrkje. Saman med kong Harald kom også kronprins Haakon, som nyleg blei utnemnd til general og admiral.

Kyrkjeparade ein gammal militær tradisjon. Kledde i paradeuniform marsjerer alle avdelingar i Forsvaret til den lokale kyrkja når det stundar til jul.

– Dette er ei festgudsteneste med mange faste ritual, fortel sjefsprest i Hæren, oberstløytnant Jan Alve.

Blant anna blir alle paradar avslutta med kongeønsket:

– Når den ansvarlege seier fram orda «Gud bevare Kongen og fedrelandet», svarar heile kyrkjelyden eit høgt «ja».

LES OGSÅ: KrF-politiker reagerer mot angrep på skolers markering av kristne juletradisjoner

Får fri. I takt med at Norge får fleire muslimar, er det også fleire muslimar blant dei som avtener verneplikta i Forsvaret. Dei som ber om fritak frå kyrkjeparade, får det.

– Få brukar retten til å søkje fritak. Kyrkjeparaden er eit religiøst arrangement som mange muslimar ønskjer å ta del i, fortel Alve.

Jonas Ludvigsen er hovudtillitsvalt for Hæren. Han stadfestar sjefsprestens røyndomsskildring:

– Soldatane vil vere med på kyrkjeparade. Det er ikkje mange som ber om å få sleppe av religiøse årsaker.

– Kva gjer dei som får fritak under kyrkjeparaden, Alve?

– Dei har alternativ teneste. Dette betyr ikkje alternative markeringar.

– Muslimar går til gudsteneste i desember, men får dei høve til å markere eigne religiøse høgtider?

– Ja, dei som søkjer fri for å ta del i viktige religiøse høgtider som ramadan og id, får det, seier Alve.

Hovudtillitsvalt Ludvigsen opplever at Forsvaret klarar å innfri det dei lovar; å vere religions- og livssynsinkluderande.

LES OGSÅ: Røe Isaksen: Skoler må få arrangere skolegudstjenester før jul

Fleire rådgjevarar. Ein kyrkjeparade har djupe historiske røter, som strekkjer seg tilbake til tida då hærførarar hadde eigne religiøse leiarar og rådgjevarar. Desse kunne vere med på militære slag slik at hærførarane kunne få ny kveik til neste runde.

I dag har forsvarssjefen feltprosten som sin fremste teologiske rådgjevar. No skal Feltprestkorpset starte eit treårig prøveprosjekt med «tros- og livssynsrådgivere med spesialkunnskap innenfor islam og livssynshumanisme», slik Forsvarsdepartementet formulerer det.

Prosjektet kjem som følgje av revisjonen av paragraf 16 i Grunnlova. I fjor slo Stortinget fast at Norge har religionsfridom, og at Den norske kyrkja skal bli understøtta av staten. Revisjonen sa også at andre trus- og livsynssamfunn skal bli understøtta på lik line.

LES OGSÅ: 7 av 10 vil ha skolegudstjenester

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen

Bjørgulv K. Bjåen er journalist i nyhetsavdelingen i Vårt Land.

VL anbefaler

1

1

Annonse
Annonse

Mer fra: Nyheter