No kan prestane vie nesten overalt
Biskopane mjuker opp reglane, men telefonkiosk er framleis uaktuelt.
Prestane i Den norske kyrkja kan no seie ja til langt fleire av dei para som vil bli ektefolk ein annan stad enn inne i sjølve kyrkjerommet. Så lenge ein plass kan nyttast til gudsteneste, kan folk gifte seg der, er det nye prinsippet.
Solum, Stian Lysberg
Det nye prinsippet lyder slik: Alle stader der ein kan ha gudsteneste, skal ein no kunne vie eit brudepar. Det fortel biskop i Borg, Atle Sommerfeldt.
– Det gjer at vi legg opp til ein romslegare praksis, seier han.
Danmark først. I vår vedtok folkekyrkja i Danmark at kyrkjelege vigsler kan skje utandørs så lenge presten sjølv godkjenner staden. I førre månad følgde Bispemøtet i Den norske kyrkja langt på veg etter (sjå faktaboks). Kyrkja har heile tida godkjent vigslar under open himmel, men på svært få stadar. Kyrkjeruinar har vore ein av få stadar som har vore godkjent.
Bestill abonnement her
KJØP