Gifta seg – blir kasta ut av Noreg

Etter åtte år på Bømlo fekk afghanske Ali Mosavi ei sjokkmelding: Du kan ikkje vere kristen fordi du har gifta deg med ei muslimsk kvinne. Du må ut av landet.

– Eg veit at det fins kjeltringar, men eg har ikkje konvertert for å få opphald, seier Ali Mosavi.
Publisert Sist oppdatert

– Eg berre grein og grein på jobben den dagen eg fekk telefonen, seier han.

Ali Mosavi sit i stova i huset han har kjøpt nokre kilometer utanfor Svortland på Bømlo. Utanfor døra står fotballskoa og sykkelen med hjelmen hengjande på styret. Ute i hagen har han planta kirsebær- og pæretre. Inne i sofaen ligg Bibelen på persisk og den nyaste utgåva på norsk.

I morgon møter han Utlendingsnemnda (UNE) i Oslo tingrett for å overtyde dei om at han er kristen og ikkje kan returnerast til Afghanistan. Det islamske landet er i særstilling fordi Norge returnerer ikkje kristne hit fordi det er stor fare for forfølging.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP