Heilt til det siste

Menneskeleg tala var det lite å hente hjå den gamle. Som prest har eg vore hjå mange demente, men ho som eg no gjekk inn til, hadde ikkje lenger oversikt over nokon ting. Intellektet var bygt ned gjennom mange år.

Publisert Sist oppdatert

Men ofte når eg tala enkelt om Jesus med henne, vakna det liksom ein eld, langt der inne bak blikket ein stad. Vi hadde kontakt, ikkje på eit intellektuelt plan, men på eit djupare, åndeleg plan.

Denne dagen var kontakten der. Eg såg henne inn i augo og byrja på ei setning: «Den som har Jesus …» sa eg, «… den har ALT» sa den gamle med sterk stemme og stødig blikk. Handa hennar greip fast kring mi. Stunda var heilag; eg kjem aldri til å gløyme det.

For Den heilage ande blir ikkje dement. Sjølv når intellektet er plukka ned, bit for bit, er Guds ande framleis til stades djupt der inne. Den som har levd med Gud gjennom eit langt liv, skal ikkje bli forlaten på den siste, forvirrande biten av livsvegen. Anden held trua levande, sjølv bak det mest forvirra ytre.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP