Han kjem!

Dunk – dunk – dunk! Lyden kom frå peikefingeren til den strenge mannen. Fingeren vart taktfast dytta mot bringa mi, der eg stod og heldt kring Bibelen med sveitte hender. Eg var ung student og hadde nett preika over teksta som er dagens bibelord.

Publisert Sist oppdatert

Kva gale hadde eg gjort? Den dag i dag er eg usikker på kva eg skulle ha sagt. Men eg hadde ikkje lært rett om bortrykkinga, meinte han. Eg hadde stroke på endetidsprøva.

Læra om kva som skal skje i dei siste tider er forvirrande for mange. Skal bortrykkinga skje før den store trengsla, eller var det omvendt? Og kvar i biletet kjem tusenårsriket inn? Det går i surr for mange kristne når dette kjem opp, og dei tenkjer minst mogleg på dei siste tidene.

Somme seier at Gud skal rykkje bort dei kristne til himmelen, før det blir tunge tider på jorda. Andre seier: Nei, Gud vil at vi skal stride i trua, midt gjennom alle trengsler som kjem over jorda. Kven har rett? Om det stridest dei lærde – og dei ulærde. Somme blir harme på kvarandre når dei diskuterer slike spørsmål.

For å lese saken må du være abonnent

Bestill abonnement her

KJØP