Minnestund etter helikopterstyrt

I kveld vert det minnestund i Kinsarvik kyrkje, etter helikopterulukka.

Flagget heng på halv stang utanfor herradshuset i Ullensvang tysdag morgon. I bakgrunnen fjellområdet der eit helikopter frå Airlift med 5 personar om bord styrta ved Vassli, mellom Dalamot og Busete, i Hardanger.
Publisert Sist oppdatert

- Tanken er å kunna samlast til stille og ettertanke, seier sokneprest Bjørn Tore Sæle og ordførar Solfrid Borge til Hardanger Folkeblad.

Minnestunda i Kinsarvik kyrkje vert halden i samråd med dei to råka familiane i Ullensvang og Eidfjord. Samlinga skjer i samarbeid mellom Ullensvang herad, kyrkja og Airlift, og ho er open for alle, melder avisa.

- Det er viktig at vi samarbeider og at samlinga femner om alle, slik at ingen føler at dei fell utanfor, seier Borge.

Subscribe for full access

Get instant access to all content

Powered by Labrador CMS