Kina: Politiet stoppa påskegudsteneste
Meir enn 500 kyrkjegjengarar vart nekta å halde utandørs gudsteneste i Beijing påskedag.
Medlemmar av Shouwang-kyrkja i ein buss etter at politiet arresterte dei for forsøk på å halde utandørs gudsteneste i Beijing påskedag.
DAVID GRAY/Reuters/Scanpix
Ein av dei største huskyrkjelydane i Kina planla påskegudsteneste utandørs i Beijing søndag. Men politiet greip inn, hindra meir enn 500 kyrkjegjengarar frå å forlate heimane sine og internerte minst 36 for forsøk på å delta i ei gudsteneste, ifølgje talsmann for kyrkja.
Staden der gudstenesta var planlagt halden, var tom påskedag. Fleire hundre uniformerte og sivilkledde politifolk omkransa plassen der Shouwang-kyrkja ville halde gudsteneste. CNN sine journalistar vart hindra frå å komme inn til området, melder CNN.
Kyrkjelydane i Tre-sjølv-kyrkja, den offisielle kyrkja i Kina, heldt gudstenester for millionar av kristne i Kina. Men den store planlagde utandørsgudstenesta i regi av ei av dei største uregistrerte huskyrkja vart stogga. CNN melder at kyrkjefolket hadde brukt månader på å planleggje påskegudstenesta. Politifolk opplyste at dei var utstasjonerte av tryggingsgrunnar.
Bestill abonnement her
KJØP